Over 900 lys vart delte ut på allehelgen

Allehelgen er ei tid for å minnast dei vi har mista. I Øygarden vart helga markert både på kjøpesenter, i kyrkjene og på gravplassane. Over 900 lys vart delte ut av diakonar på fire kjøpesenter i kommunen på allehelgenslaurdag.

Publisert:

Over 900 lys vart delte ut på allehelgen

Mange tok imot eit lys dei kunne ta med seg heim. Kanskje skulle det tennast for ein dei saknar, ein dei tenkjer på, eller ein som har sett spor i livet deira.

Inne i kyrkjene var det også rom for minne og ettertanke. Små telys forma som kors vart tente, og på allehelgensdagen vart namna på dei som hadde gått bort sidan førre allehelgen, lesne opp. For mange var det også viktig å besøkje gravplassen og tenne lys ved grava til ein dei er glade i.

Sjølv om allehelgenhelga er over, held minna fram med å vere ein del av kvardagen. Det er framleis mogleg å tenne eit lys heime, i kyrkja eller på grava, når ein kjenner behov for det.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"