T5 – Den gode gjetaren

Med over 30 påmelde 4–5-åringar saman med familiane sine, var det fullt av liv og glede i Foldnes kyrkje ein onsdag ettermiddag. Dei var inviterte til trusopplæringsdagen «T5 – Den gode gjetaren».

Publisert:

T5 – Den gode gjetaren

Inne i kyrkjelydssalen var det dekka bord, og praten gjekk lett mellom store og små. Første post på programmet var middag, til stor begeistring for barna: det vart servert hotdog og oppskorne grønsaker. Mellom bitane var det rom for både leik og utforsking – på scena låg det klart leiker, instrument og teiknesaker som barna ivrig tok i bruk.

Då alle var gode og mette, gjekk turen vidare inn i kyrkjerommet. Barna fekk kvar sitt fargeband – grønt, rosa eller raudt – og samla seg i grupper på mjuke tepper framme i kyrkja. Kyrkjelydspedagog Elisabeth opna samlinga med å fortelje om sauen Krølle som hadde gått seg bort. Saman song dei songar før barna gjekk vidare i grupper til ulike rom.

Her fekk dei høyre likninga om gjetaren og sauen – fortald på ein levande måte med tøylandskap og små trefigurar. Historia om gjetaren som leitar etter den eine sauen som har kome bort, gjorde inntrykk. Og då sauen endeleg vart funnen, vart det feira med fest – og alle barna fekk kvar sin kopp med frukt.

Etterpå gjekk turen tilbake til kyrkjelydssalen, der det venta hobbyverkstad. Her fekk barna lage sitt eige kort med sau, der dei limte på både ull og auge – til stor skaparglede.

Etter ei stund med hobby, leik og latter, vart dagen avslutta inne i kyrkja. Der hadde Kjell gjort klart ei rullande forteljing i ei stor ramme. På ein ny og engasjerande måte fekk barna høyre historia om gjetaren og sauen ein gong til.

Mot slutten fekk alle barna med seg kvar si sauebok og ein mjuk sauebamse. Bamsen vart raskt ein favoritt – og det tok ikkje lang tid før dei små sat og kosa og leika med dei.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"