Bibelsmugling
På bibelsmugling får du vere med på ein spennande kveld der vi skal smugle biblar til Foldnes kyrkje. Men følg godt med! For på vegen er det fleire vaktar som vil ta biblane frå oss.
Fredag 13. november frå kl. 20, i og rundt Foldnes kyrkje.

KRIK konfACTION vest: Vinterleir
Stor konfirmantleir på Framnes i Norheimsund, i første halvdel av vinterferien, laurdag 21. til tysdag 24. februar. Saman med 400 andre konfirmantar frå heile vestlandet får du vere med på idrettsglede, trusglede og livsglede. På leiren kan du velge mellom mange ulike idrettar og aktivitetar, både med og utan ski på beina.
I forkant av leiren vil gruppa som reiser frå Sotra ha nokre samlingar. Her blir det både aktivteter og informasjon - og ein mulighet til å bli kjent med dei du skal reise med.
konfACTION blir arrangert av KRIK. Konfirmantane reiser med leiarar frå Sotra.
Pris: Medlemsskap i KRIK: 120,-
Reise og opphald: 2600,- (+ ev.skikort)
Foto: KRIK MEDIA // Frede Gravdal, Kevin Nam Lee
Refuel weekend
Bli med andre ungdommer frå Øygarden på Refuel weekend på Rong. Dette er ein ungdomsfestival som blir 2.-4. april. Her blir det konsert, aktiviteter, klubbkveld og gudsteneste. Vi søv saman i gymsal denne helga.
Pris: 300 kr + lommepenger til mat.

Landroklubben
Ungdomsklubb i Landro kyrkje annankvar fredag kl. 18.30-21.00.
Her blir det kiosk, sosialt, andakt og aktiviteter som bordtennis, biljard og brettspel.

Lukas Dans og drama
Øving kvar måndag kl. 18.30-21.00 i Foldnes kyrkje.
Vi øver til konsertar og får tilbod om å vere med på TenSing-helger (eiga kostnad). Sosiale kvelder med dans, drama og aktivitetar.
Lukas Dans og drama er eit samarbeid mellom kyrkja og Øygarden KFUK-KFUM.
Pris: Medlemsavgift: 275,-

Lukas Gaming
Kvar måndag i Foldnes kyrkje kl. 18.30-21.00.
For deg som har lyst til å game og bygge PCar. Fokus på sosiale kveldar, aktivitet og lagspel. Alle får tilbod om å vere med på TenSing-helger (eiga kostnad).
Gaming er eit samarbeid mellom kyrkja og Øygarden KFUK-KFUM.
Pris: Medlemsavgift: 275,-

Lukas TenSing
Lukas TenSing øver i Foldnes kyrkje kvar måndag kl. 18.30-21.00. Her kan du vere med på både kor, dans, band, teknikk og sosialt!
Med i opplegget er to TenSing-helger (eiga kostnad) og konsert til våren. Som TenSing-konfirmant vil du òg få tilbud om å bli med på Vinterfestivalen i februar.
TenSing er eit samarbeid mellom kyrkja og Øygarden KFUK-KFUM.
Pris: Medlemsavgift: 275,-

Tweens-medhjelpar
Bli med som medhjelpar på Tweensklubben i Fjell kyrkje annankvar fredag kl. 19-21.
På desse kveldane hjelper du til med å registrere, vere med på gruppene (gymsal, hobby, bordtennis, leik), selge i kiosen eller ha ein quiz.
Etter at tweens'ene har gått heim, er det klubb for Tweens+ fram til kl. 22.

KRIK Ungdom
Alltidrett, ballspel, sportsleikar og andakt i gymsalen på Ulveset skule. Annakvar tysdag kl. 18.00-19.30.
Gruppa er eit samarbeid mellom kyrkja og KRIK Øygarden.
Pris: Medlemsavgift: 120,-

Gudsteneste-medhjelpar
På denne gruppa er du med som medhjelpar på 4-5 gudstenester i kyrkja di. Her kan du få ulike praktiske oppgåver knytta til gudstenesta eller kyrkjekaffien.

Livets lys-medhjelpar
"Livets lys" er ei samling for psykisk utviklingshemma vaksne i Foldnes kyrkje, ein fredag i månaden kl. 17.30-20.30.
Her er det samling med andakt og sang, kveldsmat og basar. Som medhjelpar er du med på matservering, loddsalg og andre praktiske oppgåver. I tillegg kan du vere med på sang, samtalar eller underhalding.

Lysmesse
Søndag 7. desember kl. 19 blir det lysmesser i Fjell og Foldnes kyrkje. Dette er stemningsfulle og fine gudsteneste. Konfirmantane er med på å lese tekstar, tenne lys og gjere praktisk oppgåver. I forkant av lysmessa blir det ein ettermiddag/kveld med øving.

Knøttetreff-medhjelper
Her får du vere med med praktisk hjelp på Knøttetreff for 1-4-åringar i Kyrkjestova i Foldnes kyrkje ein torsdag i månaden kl. 16.30-19.30.

Vaffel taffel-medhjelpar
Du er med på praktisk hjelp på Vaffel taffel i Kyrkjestova i Foldnes kyrkje ein tysdag i månaden kl. 17.15-19.00

Søndagspuls
Vere med å lage til ei kjekk søndagssamling i Landro kyrkje. Lage til mat og spill/aktiviteter.
To søndagar i løpet av året etter gudstenesta.

Lillelørdag-medhjelpar
Du er med på praktisk hjelp på Lillelørdag (for 5.-7. klassingar) i Foldnes kyrkje ein onsdag i månaden kl. 17.30-20.30
