Foreldresamling
Det blir nokre møtepunkter for foreldre/føresette i konfirmasjonstida.
Foreldresamlingane for konfirmantåret 2026:
- T14-oppstart for konfirmantar og føresette: 9. september kl. 19
- Foreldresamling med fokus på Fasteaksjonen: januar/februar
- Info om konfirmasjonsdagen: omlag ei veke før konfirmasjonen
Dåpsattest
Konfirmantar som er døypt i utlandet eller i kyrkjar utanfor Den norske kyrkja må sende inn dåpsattest før konfirmasjonen. Dersom du ikkje har dåpsattesten tilgjengeleg, kan du bestille ein kopi frå kyrkja der konfirmanten er døypt.
Dåpsattesten kan sendast som brev eller e-post, eller leverast til konfirmantlærar.
Dåp av konfirmantar
Skal du vera konfirmant, men er ikkje døypt?
Dåpen er ein føresetnad for konfirmasjonen. Dersom du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmasjonstida, bli kjend med trua og velje om du vil bli døypt undervegs.
Kvart år blir ei handfull konfirmantar døypte i samband med konfirmasjonstida, og vi set opp dåpskurs og dåpsgudsteneste for desse konfirmantane i februar/mars.
Konfirmantbetaling
Alle konfirmantane betalar ein kontingent på 700,-
Dette dekkjer utgifter i samband med undervisning og arrangement. I tillegg til kontingenten kjem utgifter til interessegruppene. Prisen på desse vil variere.
Det er mogleg å betale for konfirmantåret ved påmelding. Meir info om dette står på påmeldingsskjemaet.
Dei som ikkje ønskjer å betale ved påmelding, vil få påminning om betaling når konfirmantåret startar opp til hausten.
Dersom du har vanskar med å betale, ta kontakt - så finn me ei god løysing for deg.
Konfirmasjonsdagar 2026
Fjell kyrkje
- 25. april: Kolltveit og Knappskog krins
- 26. april: Skålevik, Tellnes og Ulveset krins (Tellnes krins: Tellnes, Haganes, Dala, Trengereid og Kallestad)
Foldnes kyrkje
- 1. mai: Brattholmen krins
- 2. mai: Hjelteryggen og Bjorøy krins
- 3. mai: Foldnes krins
Landro kyrkje
- 9. mai: Landro og Misje krins
- 10. mai: Ågotnes og Spjeld krins