I kyrkja finst det oppgåver for alle aldrar og for alle slags interesser. Nokre hjelper til på kjøkkenet, til dømes på babysong, kyrkjekaffi eller Vaffel-taffel. Andre er tekstlesarar, søndagsskuleleiarar, kyrkjevertar eller teknikarar. Den yngste frivillige kyrkjemusikaren vår er forsongar Mattis, 5 ½ år. Den eldste er Per, som fylte 80 i haust. Han speler piano både på babysong og Knøttetreff, og då åttiårsdagen hans tilfeldigvis fall på ein babysongdag, vart han feira med både kake, bursdagssong og krone.
Mattis på 5 år og Per på 80




Også ungdomane er med som frivillige medhjelparar. Nokre konfirmantar har som «interessegruppe» å hjelpe til på Knøttetreff, Vaffel-taffel eller Livets Lys. På «Open lunsj» på onsdagane hjelper nokre kjekke tiandeklassingar til på kjøkkenet. Dei har «Innsats for andre» som valfag på Fjell ungdomsskule, og tidlegare i haust oppsøkte dei kyrkja og spurte om dei kunne få ha praksisen sin i kyrkja. Det takka vi sjølvsagt ja til.
Ungdomar i kyrkjestova



Når vi har utandørs påskevandring for barnehagane, har vi bruk for mange dyktige forteljarar. Sist gong fekk vi hjelp av både pensjonerte pedagogar og unge studentar. Når vi har tredjeklassingane på besøk i kyrkja for å lære om «annleishuset», er dei pensjonerte pedagogane i «Pedagogisk forum» heilt uvurderlege medhjelparar.
Mange gode frivillige






Vi er djupt takksame for alle som vel å bruke fritida si i kyrkja, og som bidreg til fellesskapet med alt dei har og er.
