Diakon Astrid Fylling var med oss denne kvelden, og hadde føredrag om medarbeidarskap. Det skapte både latter, engasjement og ettertanke. Ho snakka mellom anna om kor viktig det er at vi bruker gåvene og eigenskapane våre. At vi har som mål å bli meir og meir oss sjølv - den personen Gud har skapt oss til å vera!
Vi hadde òg tid saman i dei ulike tenestegruppene og i plenum til prat og spørsmål. Her vart det vart mange gode samtalar. Alle var samde om at ei medarbeidarsamling kvar haust er noko vi absolutt vil halda fram med.



