LED - leiarkurs for ungdom

LED er eit leiarkurs for 10. klassingar kor du får innføring i kyrkja sitt ungdomsarbeid, lærer om kommunikasjon, samarbeid og organisering, kristen tru, leiaransvar, deg sjølv og andre.

Publisert:

Bilde av logoen til LED

Leiartreningskurset har samlingar på torsdagar ein gong i månaden, 1-2 overnattingsturar i løpet av året, praksis tilpassa deg og eit fantastisk fellesskap!

Tema

Vi er innom tema som handlar om kven du er, kven Gud er, kva det vil sei å vere ein leiar, praktiske råd i møte med andre, kva vi gjer i eit styre og korleis vi kan samhandle med andre som er ulik oss.

Praksis

Når det gjeld praksis, så kjem vi til å snakka nærare om det på første samling. Då får vi som er leiarar høyre litt om kva du kan tenkje deg å delta på og så sørgjer vi i fellesskap for at du får ein variert og morsom praksis!

Økonomi

LED er eit gratis kurs, du får kursmateriell og middag på kvar samling.

For leiarweekend kostar det likevel noko å delta. MEN; økonomi skal ikkje vere noko hindring i å delta. Ta kontakt, så finn vi ei god løysing.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"