Fjell kyrkje

Fjell kyrkje ligg på Fjell Gard og vart vigsla 28. august 1874 av biskop Birkeland. Ho er den eldste kyrkja i Øygarden kommune. I kallsboka vart det skrive; "Kirken ærklæres som en av de skjønneste landskirker i Riget" og me kan stadfesta at det er ei vakker kyrkje!

Fjell kyrkje i solskinn, det er blader på et tre på høyre side av bildet, treet skjuler kyrkjelydssalen.

Kyrkja er ei såkalla langskipskyrkje der alteret står lengst framme. Glassmåleriet som pryder kyrkja vart laga i England etter teikningar av Heinrich Oidtmann, lege i Linnich/Reihnland. Elles har kyrkja vakre veggmåleri. Ein kopi av ein Olavsfigur er plassert på veggen midt i kyrkja, originalen er av eiketre og står til vanleg på Historisk museum i Bergen. Kyrkja har og eit gamalt alterskap som vart funne i ei løe på Liaskjæret. Denne stammar etter alt og døme frå den eldste kyrkja i Fjell, (ca 1400-talet), og viser helgenane St.Olav og St. Sunniva. Inne i dette alterskapet er det sett inn ei altertavle frå 1843 som skildrar nattverden.

Kyrkja har to kyrkjeklokker med innskrift, laga ved Laxevaag Verft til vigslinga i 1874. Kyrkja er ei av få langskipskyrkjer i landet som ligg nord/sør. Kyrkja har vernestatus.

Det er 235 sitjeplassar i kyrkja. 

Adresse:
Kyrkjehaugen 2
5357 Fjell

Adkomst:

  • Næraste busshaldeplass er Fjell kyrkje. Det tar ca. 1 minutt å gå frå busstoppet til kyrkja.
  • Parkering er ned bakken på høgre side ved kyrkja, tilkomst frå hovudvegen, følg skilt. Eller ved Fjell gamle skule (inn og forbi Rema 1000 sin parkering).
  • Det er rullestolrampe på begge sidene av kyrkjelydssalen (nord- og sør-sida). 

Kyrkjerommet:

  • Det er tre trappetrinn opp til alterringen, ved behov har vi rampe.
  • Teleslynge er installert.
  • Det er plassar for rullestolbrukarar i midten av kyrkjerommet, på høgre side.

Kyrkjelydssal:

  • Det er eitt HC-toalett i kyrkjelydssalen.
  • Det er fleire toaletter i kjellaren til kyrkjelydssalen.
  • Teleslynge er installert.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"