Viktig arbeid
Kyrkja får tilskot frå kommunen til kyrkjelege tenester og frå bispedømerådet til trusopplæring. Andre aktivitetar vert støtta av midlar kyrkja får inn frå gjevarar.
Vi ønskjer å styrkje og sikre det gode barne- og ungdomsarbeidet vi har, og har difor starta ein kampanje for å få fleire faste gjevarar i sokna.
Skattefrådrag
Gåver til Den norske kyrkja gjev rett til frådrag i inntekta før skatt. Ein føresetnad for at soknet skal innrapportere til likningskontoret, er at fødselsnummeret er oppgitt.
Vil du vere med?
Du bestemmer sjølv måten du vil gje på, vi vil oppfordre til å bruke autogiro. Under finn du lenkje til kvart sokn der du kan opprette autogiroavtale for gjevartenesta. Dette er ein enkel og trygg måte å gje pengar på, både for deg og for oss. Det ligg også papirskjema for autogiroavtale i kyrkjene.
Vi håpar du ser verdien av det arbeidet sokna gjer for barn og ungdom, og kan tenkje deg å støtte opp om dette!