Øygarden kyrkjelege fellesråd

Kyrkjelege fellesråd er eit valt organ. Fellesrådet si rolle og ansvar er definert i kyrkjelova. Den daglege verksemda vert leia av kyrkjeverja.

Kyrkjeleg fellesråd. 

I kyrkjelova § 14 er det slått fast at kyrkjelydane gjennom fellesrådet skal samarbeide om visse oppgåver (innanfor kommunen). Dette gjeld:

  • Administrative og økonomiske oppgåver, t.d. koordineringa av budsjettarbeidet på vegner av kyrkjelydane.
  • Mål og planar for den kyrkjelege verksemda i kommunen. I dette ligg det bl a å koordinere planane kyrkjelydane har for si verksemd, og å sjå dette i høve til tilgjengelege ressursar.
  • Arbeidsgivaransvar (tilsetjingar, ledelse, arbeidsmiljø, stillingomtalar osb.)
  • Fremje samarbeid mellom sokna og ivareta ansvaret sokna har overfor kommunen.

Fellesrådet legg tilhøva til rette og hjelper til med å organisere arbeidet i kyrkja lokalt på ein best mogleg måte. Fellesrådet har på mange område fått fullmakt til å gjere sjølvstendige vedtak på vegner av sokna. Det vil utfordre sokna til samarbeid og kompromissløysingar. Fellesrådet vil vidare vere viktig som talerøyr for den felles strategien i kyrkjelydane, og for prioriteringar og økonomi overfor kommunen. 


Kyrkjelova § 14 gir desse konkrete oppgåvene til fellesrådet:

  • Bygging, drift og vedlikehald av kyrkjer, kyrkjeinventar og gravplassar. 
  • Framskaffing og drift av kyrkjelyds- og prestekontor.
  • Framskaffing av lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsopplæring, også tilrettelegging for funksjonshemma
  • Forvaltning av arbeidsgivaransvaret gjennom å 
    • opprette/nedleggje stillingar
    • tilsette/seie opp arbeidstakarar
    • ivareta partsansvar (inngå og seie opp tariffavtalar)
    • ledelse og arbeidsmiljø
    • utøve styringsrett over felles ressursar. 
  • Forvaltninga av den felles økonomien
    • midlar frå kommunen
    • midlar/tilskot frå staten
    • tilskot frå bispedømerådet
    • midlar som sokneråda overlet til fellesrådet
    • inntekter og formue knytta til fond gaver, arv mv til kirkebygg, stillingar osb.

 

Samansetninga av fellesrådet i Øygarden

Samansetninga er bestemt ut i frå kyrkjelova og ut i frå vedtak gjort i fellesråda i Fjell, Sund og Øygarden før samanslåingsprosessen starta.

1 medlem med varamedlem frå kvart sokn i tillegg til kommunal og geistleg medlem.

____

Sund

Jan Tveit, medlem.
Oddveig Margrethe Skoge, varamedlem.

Fjell

Arvid Nese, medlem.
Eigil Nødtvedt, varamedlem.

Foldnes

Per Helge Refvik, medlem.
Harald Rød, varamedlem.

Landro

Dag-Olav Bjorøy, medlem.
Kjersti Langeland Angeltveit, varamedlem.

Hjelme og Blomvåg

Gisle Kårbø Rong, medlem.
Erling Vik, varamedlem.

Øygarden kommune, valt av kommunestyret

Hege Misje, medlem.
Helge Nilsen, varamedlem.

Geistleg medlem, oppnemnd av biskopen i Bjørgvin

Jan Tommy Fosse, medlem.
Bjarte Nese, varamedlem.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag - fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"