4-årsboka er eit av dei store høgdepunkta i kyrkjelyden i løpet av året. På to opplevingssamlingar og 2 gudstenester blir kyrkjene fyllt av forventningsfulle 4-åringar som får utforske kyrkjerommet, høyre om den gode venen, ete i lag, og ikkje minst få 4-årsboka i gåve frå kyrkjelyden.
I Indre Sula kyrkje er det opplevingssamling måndag 12.oktober og utdelingsgudsteneste søndag 18.oktober, og i Langevåg kyrkje er det opplevingssamling tirsdag 20.oktober og utdelingsgudsteneste søndag 25.oktober (det er sjølvsagt mulig å kome på samling i ei kyrkje og gudsteneste i den andre, viss det passar best).
Alle som fyller 4 år i 2026 og som er medlemmar i Den norske kyrkje får invitasjon i posten. Viss de ikkje ikkje er meldem, eller ikkje får invitasjon, er de likevel hjarteleg velkomen både til samling og gudsteneste. Ein kopi av invitasjonen ligg under.
Påmeldingsskjema for opplevingssamling i Indre Sula kyrkje her, og for Langvåg kyrkje finn de her.
