Velkomen til drop-in vigsel på Sula, 19. juni 2026
Å bli vigd i ein drop-in-vigsel er enkelt, men like stort som å bli vigd i ein vanleg vigsel i kyrkja. Også i år inviterer vi til drop-in vigsel på Sula.
Fredag 19. juni opnar vi kyrkjedørene frå kl. 12.00 til 15.00 for par som ønsker å gifte seg, enkelt, nært og verdig. Dette er eit tilbod for de som ikkje ønsker ei stor markering, men som likevel vil gi dagen ei fin ramme.
De treng ikkje planlegge mykje på førehand. Vi legg til rette for ei god oppleving, med musikk, ro og ei høgtidleg stund, der de kan seie ja til kvarandre.
Drop-in vigsel passar både for dykk som:
– har tenkt på å gifte dykk lenge
– ønskjer ei enkel løysing
– eller berre kjenner at tida no er inne.
Greit å vite
Det er gratis å gifte seg i kyrkja der ein bur, dersom minst ein i paret er medlem i Den norske kirke. Paret må sjølve ha med prøvingsattest frå Skatteetaten sine nettsider:
Ekteskap i Norge - Skatteetaten
NB! I høve prøvingsattest så kan ein måtte pårekne 5 vekers behandlingstid, så det er lurt å søke i god tid. Prøvingsattesten må ikkje vere eldre enn 4 månader når vigselen blir gjennomført.
Vi ønsker helst at ein melder seg på til drop-in-vigsel på førehand, men om ein skulle komme spontant innom sjølve dagen, så er det viktig at både brudepar og forloverar/vitner har med ID og prøvingsattest. (Ansatte i kyrkja kan også være vitner om ønskeleg). Då må dette avtalast med prest på staden under vigselsamtalen.
Vigsel:
Vi brukar kyrkjerommet i Langevåg kyrkje til drop-in vigsel. Lokala er enkelt pynta.
Vigsel skjer etter ordninga til Den norske kyrkja. Under vigselen syng vi to salmar.
Dersom de ønskjer det, kan de sjølve velje salmar frå Norsk salmebok.
Ta gjerne kontakt på førehand
Dersom de tek kontakt på førehand, kan vi avtale tidspunkt for vigselen. Då er det òg mogleg å gjere avtale med presten om å ha samtalen på førehand.
Kontaktinformasjon til kyrkjekontoret finn de under.
Velkomen til ein stor dag, på ein enkel måte.
