Onsdag 30. september feira vi haustens første HEIL-gudsteneste (etter konseptet «Hel»- Gudstjeneste for alle). Desse gudstenestene har ei enkel form med mykje samsang og "call-response" (ein leiar/medliturg seier eller syng først eit ledd, så gjentar alle det). Vi brukar også enkle teikn for å vise innhaldet i liturgien, slik at den blir meir tilgjengeleg og forståeleg for fleire. Ei HEIL- gudsteneste er for heile mennesket, unike og mangfaldige som vi er!

Therese Brungot leia mange av gudsteneste-ledda med ord og teikn, og vi andre (alle gudstenestedeltakarane, prest Stine, diakon Ingvild og medhjelpar Karen Marie) svara. Gudstenesta er «papirlaus» og inkluderer alle, uansett kva funksjonsnivå vi har.
Denne kvelden var vi så heldige å ha med oss barnekora Blessing og BigBless saman med dirigent Geir Harald Eikrem og ein av vaksenleiarane; Mari Blindheim. Kora har ikkje hatt så mange øvingar etter sommarferien- likevel var det flott, engasjert, humørfylt og kraftig song frå desse unge songarane! Det er alltid kjekt å vere saman så mange i ulike aldrar!
Vi feira nattverd, og presten hadde ei enkel andakt med temaet «Takksemd for haustens grøde». Sjølvsagt var det kyrkjekaffi etterpå, med pølser og kakebord ordna til av frivillige medarbeidarar.
Velkomen til neste HEIL-gudsteneste til våren!
Glimt frå gudstenesta






