Oppstart for Stefanustreff

Stefanustreff er eit ope arrangement og møteplass i Indre Sula kyrkje. Vi samlast ca ein gong i månaden frå september-juni. Namnet Stefanustreff heng saman med misjonsprosjektet vårt i Sula kyrkjelyd som er Stafanusbarna i Egypt og arbeidet som Mama Maggie driv der gjennom organisasjonen Stefanusalliansen.

Publisert:

Oppstart for Stefanustreff

Torsdag kveld 17.september var første samling for haustsemesteret og vi var ein fin gjeng som møttest i Indre Sula kyrkje. Nokre nye var det også, og det er alltid kjekt, for vi har plass til fleire. Praten gjekk rundt bordet om mange tema over ein kopp te eller kaffi til kveldsmåltidet som nokre av deltakarane på Stefanustreff hadde laga til. Datoane for dei andre samlingane i haust er torsdag 15.oktober, tysdag 10.november og måndag 14.desember kl.18.30. Vi prøver å variere på ulike dagar slik at flest mogeleg har mulighet til å delta på samlingane.  På denne samlinga las Olav Rønneberg eit lite stykke frå boka om Mama Maggie som er skriven av Eivind Skeie.

 

På Stefanustreff har vi ikkje eit fast program, men som regel blir det litt oppdateringar på korleis det går med misjonsprosjektet vårt Stefanusbarna i Kairo, og så prøver vi å gi eit innblikk i det arbeidet som Mama Maggie driv for borna og familiane deira i søppellandsbyane utanfor Kairo.  På samlingane våre er det også fokus på det sosiale og at dette skal vere ein møteplass der ein kan bli kjendt med nokon ein ikkje kjenner frå før. Her er god tid til prat og mange har med strikketøy eller anna handarbeid. Vi har også alltid utlodning og mat på samlingane våre. Dei pengane som kjem inn på loddsal går til misjonsprosjektet vårt. Velkomen til Stefanustreff til alle som har lyst å delta, og til deg som lurer på om dette kan vere noko for deg, ta deg ein tur! 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"