Støttegruppe – ei hjelp i sorga For barn på 4.-7. trinn

For barn i Klepp, Time, Hå og Gjesdal som har mista foreldre eller sysken i dødsfall

Støttegruppe – ei hjelp i sorga For barn på 4.-7. trinn

Kva er sorg og sorgstøttegruppe?

Kjenner du eit barn som har mista nokon dei er glade i? Det er heilt naturleg å bli lei seg når nokon ein er glad i døyr. Sorg er ingen sjukdom, men det kan gjere forferdeleg vondt. Sorga kan nokre gongar få barnet til å tenkje, føle eller å gjere ting som kan vere vanskeleg å forstå.

Då kan det ofte hjelpe å treffe andre som også har opplevd å mista nokon dei er glade i.

Desse gruppene er samtalegrupper der alle i gruppa er omtrent like gamle, og alle har opplevd å miste anten foreldre eller sysken i dødsfall.

Barna får snakke om tankane og følelsane sine saman med andre barn på same alder, og som er i ein liknande situasjon. Dei får møte trygge vaksne med teieplikt, og ungane bestemmer sjølve kva dei vil dele og fortelje.

Me vil leggje til rette for grupper der alle respekterer kvarandre, og at det er lov til å vere både glade og leie seg saman. Gruppene er livssynsopne, dvs. at dei er opne for alle uansett livssyn og tilknyting til kyrkjesamfunn.

Sorgstøttegruppene blir organisert av diakonane i Den norske kyrkja i Klepp, Time, Hå og Gjesdal.

Om gruppa:

  • Gruppa møtes 8 gonger, med ca. 2 veker mellom kvar gong.
  • Gruppa blir på ein fast vekedag, kl. 12:00-14:00. Viss dette er i skuletida, så avtalar me med skulen at barnet treng å få fri.
  • Detaljar om oppstart (dato og stad) kjem når det er tilstrekkeleg antal påmeldte deltakarar.
  • Me eter alltid eit måltid saman.
  • Me kjem til å leike saman, ha hobbyaktivitetar og snakke med kvarandre i gruppa.
  • Gruppa er gratis.
  • Me samarbeider individuelt med kvar enkel heim for å finne ein god plan for korleis barnet kjem seg fram og tilbake til gruppa.
  • Me har alltid ein bli-kjent-samtale saman med barnet og ein forelder/føresett før gruppa startar, slik at me får bli litt kjent med kvarandre.

Påmelding og informasjon:  

Lurar du på noko, eller ønskjer å melde på eit barn  du kjenner, ta kontakt med diakonen der du bur. Kontaktinformasjon under 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"