Retter og plikter

Retter og plikter

Den som meldar seg ut av kyrkja, har rett til informasjon om dei fylgjer utmeldinga får. Ein mister kyrkjelege rettar og plikter:

Røysterett ved kyrkjelege val har berre kyrkjas medlemer. Utmelde kan ikkje delta ved soknerådsval eller i soknemøtets avstemmingar.

Kyrkelege verv er det berre medlemer av Den norske kyrkja som kan ha. Utmelde kan ikkje veljast inn i sokneråd, bispedømeråd, o.l.

Kyrkjelege stillingar må ein væra kyrkjemedlem for å ha. Det gjeld ikkje berre prestestillingar, men og for organistar, kyrkjetenarar, kyrkjeverjer osv.

Dåp er ein kyrkjeleg handling. Foreldre som er utmelde kan ikkje utan vidare krevje å få sine born døypt. Barnedåp forsikrar at borna får opplæring i den kristne tru. Dersom foreldre som står utanfor kyrkja, likevel ynskjer at barnet skal få ein kristen opplæring, og gjer barnet faddere som påtek seg ansvaret, kan barnet verte døypt etter nærare avtale med presten. Born som gjennom dåpen er verte medlem av Den norske kyrkja, vil få tilbod om å ta del i kyrkjas dåpsopplæring.

Fadder kan normalt berre den vere som er medlem av Den norske kyrkja. Ein fadder påtar seg viktige oppgåver når det gjeld den døyptes kristelege oppseding. Som fadder kan likevel veljast personar som er medlem av eit anna kristent trussamfunn og som ikkje forkastar barnedåpen. 
Ein fadder skal kunne vitne at barnet er døypt, og vert ikkje sletta frå kyrkjebokas dåpsregister sjølv om han/ho meldar seg ut av kyrkja.

Konfirmasjon forutset at konfirmanten er døypt i Den norske kyrkja eller i eit anna kristent trussamfunn. Udøypte kan delta i konfirmasjonsførebuinga, men kan ikkje delta ved forbønshandlinga på konfirmasjonsdagen.
Stadig fleire unge, og vaksne, døypast i samband med konfirmasjonen. Talet på vaksendøypte er stigande i dei fleste folkekyrkjer i Europa.

Kyrkeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brudefolkene tilhøyrer Den norske kyrkja. At ein av brudefolkene er medlem vil normalt vere tilstrekkeleg for at vigsel kan skje i kyrkja. Den enkelte prest har imidlertid høve til å nekte å vie brudefolkene dersom ein av dei ikkje tilhøyrer Den norske kyrkja.

Kyrkjeleg gravferd vert som oftast ikkje føreteke når avdøde har stått utanfor kyrkja. Dersom dei næraste pårørande ynskjer kyrkjeleg tilverka gravferda, har presten høve til å forrette kyrkjeleg gravferd.

Dei borgerlege rettar berørast ikkje ved inn? eller utmelding av Den norske kyrkja.

Økonomisk har kyrkjemedlemskapet ingen personlege fylgjer. Det er ikkje eiga kyrkjeskatt i Noreg. Alle registrerte trus- og livssynssamfunn mottek støtte pr. medlem frå stat og kommune tilsvarande løyva til Den norske kyrkja pr. medlem.


Kjelde: www.kyrkja.no

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"