Verdsdagen for Downs Syndrom 21. mars

21. mars vert Verdsdagen for Downs syndrom markert over heile verda. Det skjer m.a. ved at mange går med sokkar av ulik farge, som uttrykk for mangfald, på denne dagen. Føremålet er å skape merksemd om å leve med Downs, minne om menneskerettane til også dei som har dette syndromet og skape eit fargerikt fellesskap der også personar med Downs har sin rettkomne plass.

Publisert:

Verdsdagen for Downs Syndrom 21. mars

I år er dagen særleg aktuell sidan CRPD ("Convention on the Rights of Persons with Disabilities") - FN sin konvensjon om rettar for personar med funksjonshemming - vart norsk lov ved nyår. Dette utfordrar også kyrkja.

Dette kan du lese meir om i denne artikkelen av Tor Ivar Torgauten: Fra utenforskap til fullverdig deltakelse i sitt trossamfunn - Stiftelsen SOR.

Den kyrkjelege utfordringa ligg på fleire plan: 

  • Retten til liv: Barn med Downs er svært utsette for selektiv abort. Dei seinare åra har ny teknologi og lovgjeving innan fosterdiagnostikk forsterka dette. No vert såleis 75% av dei som vert diagnostiserte med Downs syndrom aborterte.
  • Retten til fellesskap: Mange med Downs opplever einsemd. Tema for Downs-dagen i år er såleis "Saman mot einsemd". I dette har vi som kyrkje eit stort ansvar, som forvaltarar av fellesskap med både Gud og menneske.

 

I Bjørgvin bispedøme arbeidet Inkluderingsutvalet særleg med dette. Sjå: https://www.kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/rad-og-utval/utval-for-utviklingshemma/.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"