I opningsgudstenesta var Kyrkjemøte-medlemmar frå heile landet samla, til salmesong, nattverd og for å høyre preika frå preses.
I teksta frå Paulus' brev til hebrearane, legg preses mellom anna vekt på sympati, og det å lide med andre. "Sympati er å lide med andre, i alle livets realitetar, også dei verste. Dette handlar om sjølve kjerna i det å vere menneske, nemleg å vere med menneske."
Les heile preika her: Guds sympati
Tekst: Hebr 4, 14-16
Sympati.
Det er eit vakkert ord. Det er eit sterkt ord. Det er faktisk ordet «sympati» som den greske bibelteksten her brukar: «Vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha sympati med oss i vår veikskap.» Det handlar om mykje meir enn å ha sympati i tydinga av å ha ein viss sans for det nokon måtte meine. Difor er det ei flott omsetjing i det vi nettopp las: «Vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lide med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.» Sym-pati er å lide med andre. I alle livets realitetar, også dei verste.
Dette handlar om sjølve kjerna i det å vere menneske, nemleg å vere med-menneske.
I Hebrearbrevet vert dette perspektivet særdeles viktig i omtalen av Jesus. Jesus er vårt medmenneske, med våre erfaringar. Han vert samanlikna med øvstepresten. Han måtte vere ein av folket, «ein av oss».
Men det vert noko meir, noko mykje meir i framstillinga av Jesus. Sympati vert eit kjenneteikn på Gud. Desse få orda vert ei samanfatning av det store biletet av Gud som Jesus viser oss. Født i verda som ein av oss. Evangelia får ofram eit menneskesyn som viser det sant humane i hans måte å møte andre på. Det er ein sympati, ei med-liding, i hans oppgjer med urett og synd. Den kulminerer i hans liding og død på krossen, og hans oppstode frå dei døde. Jesus lever og dør med oss menneske, og for oss menneske.
Sympatien kjem ikkje minst til uttrykk i hans oppstode frå dei døde, der han gir oss eit håp om at «nytt liv av daude gror», han som er Herre over dødens makt. Eller som det heiter i salmen vi nettopp song:
«För att du nedsteg hit till de plågade, hit til de dömda,
vet vi at ingen ensamhet finnes mer, vet vi var Gud är.»
Dette er Guds sympati med sin skapning. Det er Guds sympati med oss menneske som frelser oss.
-
Dette viser oss den Gud som er «heilt nedpå», og difor er den Gud som er overalt. Det er den Gud som også er heva over all menneskeleg svikt og fall, som er større enn alt det menneske gjer for å dra både det menneskelege og Guds eige namn ned i søla.
Framfor alt handlar det om Guds omsorg for oss, i det livet vi har, slik det er, også i det vi kan kan kalle «vanlege» liv – om noko er det.
-
Her og no kan vi oppleve kva sympati, kva medkjensle betyr. Difor vil eg også dele ein personleg refleksjon over kor sterk verknad dei enkle uttrykk for sympati kan ha. Dei fleste opplever kriser i livet. Det kan vere når alvorleg sjukdom rammar ein av dei som står oss nær. Då vart eg vâr på ein heilt ny måte dei mange teikna på at nokon viser sin sympati, og kor mykje dei gjer med meg. Det blir svært konkret: Eit blikk. Eit spørsmål frå naboen om korleis det går, og samtalen som vert avslutta med kryssa fingrar. Eller når eg skal lese kortet på blomebuketten vi fekk tilsendt og kjente at eg vart så rørt at eg ikkje klarte å lese dei to linjene. Eller når eg høyrer lovnadane frå gode kollegaer om at dei ber for oss, og eg veit at dei snakkar sant. Og ikkje minst: når helsepersonell gjer sin svært kvalifiserte jobb og skaper håp om legedom. Slik dei også har gjort i dette tilfellet.
Det vert på ulike vis ei berøring av det sant medmenneskelege. Og eg undrast: Er det ikkje også eit teikn på noko sant guddomleg i dette? På samme måte som vårteikna er teikn på Guds skaparkraft, er ikkje dette teikn på Guds kraft i oss og mellom oss?
-
Den som skulle vere øvsteprest og bere fram offer på vegne av heile folket i tempelkulten i Jerusalem, måtte vere «ein av folket», «ein som oss». Dette blir difor også brukt som eit bilete på kven Jesus er og kva Jesus gjer for alle folk, til alle tider. Eller som det heiter i slutten av brevet: «Jesus Kristus er i går og dag den samme, ja til evig tid.» (Hebr 13,8)
Jesus er sjølve teiknet på den Gud som er der før oss alle, som bryr seg om sin skapning, og som difor kan møte oss alle med nåde og sanning.
Dette treng vi alle å møte, og kjenne. Uansett kven vi er, kva slags rolle vi har i samfunnet - eller i kyrkja.
Det er den nåden som tek på alvor det menneskelege i å svikte, å ikkje oppfylle Guds gode vilje med vårt liv. Det er ikkje ei bagatellisering eller bortforklaring, som ignorer dei som lir på grunn av oss, av det vi gjer eller unnlet å gjere for andre.
Det er ein guddomleg sympati som møter også denne sida ved vårt liv som menneske. Den heiter nåde og sanning.
Dette trengst det ulike bilete og uttrykk for å formidle, for det er ikkje noko sjølvsagt. Men det er noko verkeleg, og evig. Dette møter oss i den heilage nattverden, der vi syng: «Du Guds lam, som ber verdsens synder.»
Det er ei voldsom bør. Ho vert stadig større.
Den siste tida, veker, månader og år, har gitt oss bilete vi knapt orkar å sjå. Vald, terror og krig, med skader på andre menneske, på det sivile liv i heimar, skular, sjukehus, kyrkjer, synagoger og moskear. Det skjer skjer så mange stader i verda når medlidinga ikkje synest å vere der i det heile.
Når nokon påberoper seg å gjere slikt som dette i Guds namn, vert det aldeles gale. Det medmenneskelege, sympatien med dei menneske som vert ramma av bomber og droner, blir borte. Som den katolske biskop og kardinal Pizzaballa i Jerusalem sa det om den nye krigen som er sett i gang: «som truande må vi seie «nei», det er ikkje noko nytt korstog. Dersom Gud er til stades i denne krigen, er Han hjå dei som er døyande, dei som lir, dei som er i smerter, som er undertrykte på manga slags måtar, i heile Midtausten.»
Denne tida med krig får oss også lett til å gløyme den store skade vi menneske heile tida gjer på vår felles heim, på Guds skaparverk. Det er ikkje berre menneske som lir, det er heile skaparverket som lir. Det sant menneskelege oppdrag er ikkje å berre tenkje på oss, menneske, men også – som Guds forvaltarar – å bry oss om, ja lide med Guds skaparverk. Utan denne sympati med Guds skapning kjem vi ikkje vidare med å ta vare denne kloden der våre barnebarn skal leve.
Vår store oppgåve i å vere menneske, er å elske Gud og å elske vår neste som oss sjølve. Dersom vi elskar Gud, elskar vi det Gud har skapt og heldt oppe kvar dag. Dersom vi elskar vår neste, tek vi vare på den naturen vi alle er ein del av og som er vilkåret for at vi og vår neste kan leve her.
-
I Guds sympati med oss ligg Guds kjærleik til oss og alt Guds skaparverk. I sympatien er det ikkje berre med-liding, det er ein skapande kjærleik som deler glede, mot og håp. Det er den same Gud som har skapt oss som vil frelse oss frå våre synder – for at vi skal leve med frimod.
Oppgjeret med synda som ligg i Jesu offergjerning er ikkje eit teologisk reknestykkje eller puslespel. Synda er jo ikkje noko som Bibelen eller kyrkja har funne på. Sympatien med oss syndarar er også meir enn eit vakkert uttrykk.
Hebrearbrevet er høgt oppe i sine uttrykk, men også heilt nedpå i skildring av kva tru på Gud er. I dei store ord, men først og fremst i dei små ting som kan vise det aller største. Som det heiter: «Ver gjestfrie, for slik kan de ha englar på besøk utan å vite det.» (Hebr 13,1)
Guds sympati møter oss i Jesus, og det er det som frelser verda.
Difor er vi kyrkje, saman, for å få del i dette, og for å dele dette.
I denne verda vi lever i, i desse tidene vi lever i akkurat no.
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
vår Skapar, Frelsar og Livgjevar,
som var, er og vere skal,
èin sann Gud frå æve og til æve.
Amen
