I dag er det 35 år sidan HM Kong Harald V og HM Dronning Sonja vart kongeparet i Noreg.
Saman yter dei ein stor innsats for å oss alle. Kongens valspråk «Alt for Norge» får stadig ny meining, meiner preses Olav Fykse Tveit:
– For kvart år som går vert vi stadig meir imponerte over deira vilje til å fylle sine roller med verdiar og førebilete som landet og nasjonen treng: I talar og i prioriteringar, i møter med alle folk, overalt, og i alle aldrar i landet vårt.
Fykse Tveit peikar på at Kong Harald si tilknytning til Den norske kyrkja er meir enn ein formalitet.
– Til dømes reiser han ved kvar vigsling av ny biskop til det aktuelle bispedømmet og gjer dette til høgtid og viktige milepælar for kyrkja, men også for den aktuelle landsdelen. Det er ein stor verdi for oss alle å ha eit slikt kongepar.
Den norske kyrkja ønskjer Kongen og Dronninga hjarteleg til lukke med jubileet.
– Vi ber for «Kongen og hans hus» i våre gudstenester, og takkar spesielt for deira teneste ved dette høvet, seier Fykse Tveit.

