Det er eit djupt alvor i årets påskehelsing frå Imad Haddad, biskop i Den evangelisk-lutherske kyrkja i Jordan og Det heilage landet (ELCJHL). Frå Jerusalem minner han om at ingen makt kan kvele bodskapen frå påska: Kristus er oppstanden, livet skal vinne over døden, og kjærleiken skal ha det siste ordet.
For mange kristne i Jerusalem og på Vestbreidda er dette ikkje teologi på avstand, men ein røyndom prega av utryggleik, frykt og tap. Generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja, Einar Tjelle, har hatt tett kontakt med kyrkjeleiarar i området gjennom påska.
– Det er sterkt å lese påskehelsinga frå vår systerkyrkje. Lidinga og håpet i oppstoda blir heilt konkret. Eg ser for meg menneska eg har møtt i Jerusalem og på Vestbreidda, som dagleg kjenner uretten på kroppen. At dei likevel held fast ved håpet og kjærleiken, gjer påskebodskapen truverdig og verkeleg, seier Tjelle.
Gravkyrkja stengd
Denne påska har gamlebyen i Jerusalem vore uvanleg stille. Vanlegvis er dei smale gatene fulle av pilegrimar på veg mot Golgata og Gravkyrkja. I år vart kyrkja stengd av israelske styresmakter av omsyn til tryggleik. Også Al-Aqsa-moskeen var stengd under ramadan.
For kristne verda over vart det ekstra tungt at Gravkyrkja stod tom ved inngangen til den stille veka. Etter sterke protestar frå kyrkjer internasjonalt fekk ei lita gruppe kyrkjeleiarar og prestar likevel halde påskegudstenester.
– Omsynet til tryggleiken skal takast på alvor, men det er viktig å peike på at denne situasjonen oppstod etter at israelske styresmakter starta krigen mot Iran. Konsekvensen vart ei kraftig innskrenking av religionsfridomen i Jerusalem, seier Tjelle.
Kristent nærvær under press
Samtidig som verdas merksemd har vore retta mot krigen i regionen, har israelske styresmakter halde fram med systematisk overtaking av okkupert land i Aust-Jerusalem og på Vestbreidda. Valdelege busetjarar tek over jord frå palestinarar, både muslimar og kristne.
Kristne utgjer ei lita minoritet i området, og det gjer nærværet særleg sårbart. I Beit Sahour, utanfor Betlehem, der Den norske kyrkja har ei luthersk venskapskyrkjelyd er kristne familiar no i ferd med å miste landområda sine.
– Det var djupt trist å få melding i påska om at kristne familiar i Beit Sahour blir fordrivne. Resultatet kan bli at eit kjerneområde for kyrkja i Det heilage landet blir tømt for kristne, seier Tjelle.
Også i Taybeh, ein by med lange kristne tradisjonar lenger nord på Vestbreidda, flyktar kristne familiar. Dei færraste kjem tilbake.
– Dette er ein systematisk etnisk fordriving av palestinarar. Å ikkje erkjenne det, er å lukke auga for realitetane, seier han, og viser til biskop Haddads oppmoding om at tryggleiksargument ikkje må kvele engasjementet for rettferd og menneskeverd.
Kall til solidaritet
Knesset har nyleg vedteke ei lov som gjer dødsstraff obligatorisk for dei som blir dømde for drap på israelarar. Lova gjeld berre palestinarar og kan ikkje ankast. For Tjelle er dette eit alvorleg brot med prinsippet om likskap for lova, i tillegg til det uhyrlege med dødsstraff i seg sjølv
– Det er ikkje berre palestinarane som taper når rettsstaten blir svekt. Også det israelske samfunnet blir skadelidande. Mange jødar, også i Noreg, lever no med sorg og utryggleik, minner han om.
Kyrkjeeleiarane i Jerusalem ber kyrkjer verda over om støtte. Den norske kyrkja er tett knytt til si lutherske systerkyrkje i Jordan og Palestina, som no står i ein særs krevjande situasjon.
– Dei ber oss be saman med dei, tenne lys for rettferd og snakke sant om situasjonen deira Når vi held fast ved at dette ikkje er ein religionskonflikt, men eit spørsmål om rett og gale, blir kallet vårt tydeleg: Vi skal vere fredsskaparar, seier Tjelle.
Gjennom bøn, solidaritet og økonomisk støtte kan Den norske kyrkja vere med og halde oppe eit levande kristent nærvær i landet der påskedramaet fann stad.
– I krafta av oppstoda skal kjærleiken sigre, avsluttar Tjelle.
Gje eit bidrag
Offer fra kyrkjelydar sendes samla frå Kyrkjerådet og midlane sendes til:
Den norske kyrkja, Kirkerådet
Postboks 799 Sentrum
0106 Oslo
Kontonummer 2801 45 98164
Ref: Offer ELCJHL 1101330-611
