Det finst mange sommaropne kyrkjer rundt om kring i landet. Opningstidene varierer, men du er velkomen innom for å tenne lys, få omvisning, slå av ein prat eller berre sitje heilt i ro.
I år gav Kyrkjerådet ut støtte til 73 kyrkjelydar som ville gje sommarjobb til ungdommar. Andre stader er det frvillige eller andre tilsette som sørgjer for at kyrkjedørene er opne.
Høyland kirke i Rogaland held open onsdagar og sundagar.
– Høyland kirke er den eldste kyrkja i Sandnes kommune, og vi trur at fleire enn innbyggjarane i Sandnes kan vere interessert i å sjå kyrkja på innsida, fortel dagleg leiar Ragna Skårland.
Høyland kyrkje er ei av dei best bevarte Linstow-kyrkjene i landet, og deler av interiøret er frå før 1841: Døypefonten er frå 1200-talet, og altertavla frå 1600-talet.
Kyrkjelyden i Sandnes er blant dei som fekk støtte frå Kyrkjerådet til å gje ungdom sommarjobb.
– Vi har vore heldig å fått fem ungdommar som er vertar ved open kyrkje. Dei er to og to saman på vaktene, fortel Skårland.