I Fusa kyrkjeblad kan du kvar gong finna ei andakt, eit intervju med ein person frå soknet, og kyrkjetider framover - samt mykje anna stoff om kva som hender eller har hend i kyrkjelyden. Bladet vert trykt av Kai Hansen AS i Haugesund, og redaksjonen består av staben på kyrkjekontoret v/dagleg leiar Marius Dale Romslo. Fusa sokneråd er ansvarleg utgjevar.
Her på sida kan du finna digitale versjonar av kyrkjebladet frå og med 2019. Bladet vert elles send ut til postkassar i heile Fusa. Om du ikkje har motteke bladet, eller om du ynskjer å få det tilsend, kan du ta kontakt med kyrkjekontoret.
