Biskopane i Den norske kyrkja oppmodar til å ta ein eit forbønsledd om kronprinsessa i gudstenesta søndag.
Mange søndagar ber kyrkjene for «Kongen og hans hus».
– Når ein i Kongehuset er alvorleg sjuk er det naturleg at vi tek dette konkret med i forbøna, seier leiande biskop Olav Fykse Tveit.
Han seier at kongen og kronprinsen den siste tida har fortalt ope i media om ei alvorleg sjuk kronprinsesse.
– Eg håpar alle som ber, vil vere med på å be for kronprinsesse Mette-Marit. I Den norske kyrkja vil vi be for ho og dei som står ho nær denne sundagen.
Bøna som er sendt ut til alle prestane i folkekyrkja ser slik ut:
I denne tida ber vi særleg for kronprinsesse Mette-Marit, som er ramma av alvorleg sjukdom. Vi ber og for dei som står henne nærast.
Gud, ver nær med di omsorg, gjev trøyst, mot og styrke. Lat henne kjenne at ho ikkje er åleine, men omslutta av bøn og kjærleik.
Miskunnsame Gud, ta i mot oss og våre bøner. Lat ditt ljos skine over oss alle. Gud, vi ber.
