Gudsteneste i samband med Stortingets opning

Preses Olav Fykse Tveit heldt preike då Oslo domkyrkje inviterte til gudsteneste i samband med opning av det 171. storting.

Publisert:

Gudsteneste i samband med Stortingets opning

Fredag 2. oktober vart det 171. storting opna av kong Haakon VII. 

Oslo domkyrkje inviterte til gudsteneste i samband med Stortingets opning. I tillegg til domprost Pål Kristian Balstad og Stortingsprest Tron Fagermoen, var det fleire medverkande frå både politikarar og tilsette på Stortinget.

Domkantor Tjark Pinne bidrog med musikk saman med songarar frå Oslo Domkor under leiing av Vivianne Sydnes. Folkemusikar Kim Rysstad song. 

Preses Olav Fykse Tveit heldt preika i gudstenesta. Han snakka mellom anna om Frans av Assisi. På sundag er det 800 år sidan han døydde. 

Fykse Tveit peika på at det er få personar utanom dei bibelske personane, som har fått så framtredande plass i kristendommen si historie: ,

– Han har sett så varige spor etter seg at det er verdt å bruke eit høve som dette til å sjå kvar desse spora er også i vår kultur, i våre verdiar og kanskje endå til i våre lover. 

 

Les heile preika her

Preses Olav Fykse Tveit
Preike i Oslo domkyrkje 2. oktober 2026
Gudsteneste i samband med Stortingets opning

Frans av Assisi er eit namn vi har høyrt. Kanskje alt i skuletimar om berømte personar i religionshistoria, om rikmannssonen som oppgav arven og ville leve eit enkelt liv i Jesu etterfølging, og som kunne tale til dyr og fuglar. Eller kanskje tanken går til til Kong Haralds gravferd nyleg, og til Kronprinsesse Victorias vakre og sterke bidrag med å lese ei bøn som har fått Frans av Assisis namn.

På sundag er 800 år sidan han døydde, den 4. oktober 1227. Knapt nokon person eller helgen bortsett frå dei bibelske personar har fått ein meir framtredande plass i kristendomens historie. «Alle snakkar om deg», sa venene til han. Og det var heilt sant. Han var så kjend i si tid at det nesten ikkje er råd å forstå. Det skjedde utan noko form for trykksaker eller sosiale media.

Han har sett så varige spor etter seg at det er verdt å bruke eit høve som dette til å sjå kvar desse spora er også i vår kultur, i våre verdiar og kanskje endå til i våre lover. Og spørre kvar desse spora inspirerer og utfordrar oss i dag.

Det er nokre lange linjer, og nokre bilete som står fram.

Dersom vi spør kva orda i Grunnlova paragraf 2 peikar på, når ho seier at «verdigrunnlaget skal framleis vere den kristne og humanistiske arven vår», kan nokre av svara kunne gå tilbake til Frans av Assisi og arven etter han.  

Frans representerer eit syn og ikkje minst ein praksis som understrekar alle menneske sitt verd, uansett rikdom og status, helse og alder. Det er ein vesentleg del av den felles kristne, og vi kan seie europeiske, humanistiske arv som Frans av Assisi representerer.

Han var kritisk til den rikdomen hans familie representerte, og til den haldning ein hadde til rikdomen og den makta som låg i den statusen. Han var også kritisk til kyrkjas måte å opptre på, inkludert klostervesenet. Det var for langt unna det mange opplevde som deira liv og daglege slit og naud. Det gjaldt særleg situasjonen for dei fattige, og for dei som lei under sjukdom, og under ulike former for urett og maktmisbruk.

Det gir oss også eit vesentleg kritisk blikk på oss og vår tid, samtidig som det er ein basis for vårt velferdssamfunns idealer. Det er også ei utfordring for kyrkjas rolle som folkekyrkje i eit mangfaldig samfunn.

Eit par konkrete døme: Han innførte eit fattigdomsideal for munker og nonner, i seg sjølv ein protest mot uretten som ligg i den enorme skeive fordeling av goder og rettigheiter. Men det var også knytt til ein innsats for dei fattige, og ikkje minst dei fattige og sjuke. Frans og hans etterfølgjarar hadde eit sterkt kall til å vere der dei som trengte dei mest var.

Frans brukar sterke eksempel og ord frå Jesus og hans liv som menneske. Tilliten til Guds nåde og omsorg, med skaparverket som særleg tydeleg uttrykk for akkurat det, vart eitt av kjenneteikna. Det er slik som Jesus formanar tilhøyrarane til å ikkje vere bekymra, og unnsjå at sjølv kong Salomo ikkje var kledd som liljene på marka.

Salme 36 som vi også høyrde hadde i den jødiske kultur og kult bore fram denne takken til Gud for omsorg, rettferd og miskunn så høge som fjell og så djupe som havet.

Fransiskanarane kom tidleg etter Frans død til Noreg, og etablerte seg raskt i Tønsberg og Bergen sidan i Oslo og Nidaros. Nokre av dei første tilløpt til sjukehus i vårt land vart etablerte ved fransiskanarar sitt arbeid. Eitt av dei var i Oslo, og Oslo hospital har vore i teneste for sjuke både før og etter reformasjonen, ja til vår tid. I år har mellom Den norske kyrkjas nasjonale stab fått ny arbeidsplass i lokaler bygd på den tomta. Det gjeld også felles organisasjonar som Norges kristne råd (NKR) og Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn (STL).

Når fransiskanarane igjen kunne etablere seg i Noreg etter at Stortinget på slutten av 1800-talet hadde endra lova som hindra munkevesen, var det igjen deira teneste for sjuke og andre som trengte omsorg  som prega deira arbeid.

Linjene frå Frans sin innsats for fred og forsoning og innsats for dei fattige har gått vidare på ulike måtar, både før og etter reformasjonen av kyrkja for fem hundre år sidan.

I markeringa for to år sidan av 750 år sidan kong Magnus Lagabøtes landslov vart gjeldande, vart det også høgtlesing  utanfor Stortinget av heile lova. Det vart feira og markert mange andre stader i landet, som den første lova som samla heile landet. Den nye felles lova, som var gjeldande lov i Noreg i over 400 år, er det påvist vesentlege spor etter impulsar frå internasjonale kjelder, også frå Frans av Assisi. Det er peikt på at ikkje minst Kong Magnus sjølv hade gjennom si danning i skule og i livet i Bergen, fått sterke impulsar frå fransiskarane der som dreiv skule og omsorg for fattige og sjuke. Og at dette kan ein spore i Landslova.

Det vart sterke og tydelege teikn på alle menneske sitt verd, uansett stand og velstand – eller mangel på slikt. Alle er skapt av Gud. Lova skulle verne om alle sine rettar til liv. Det gjeld mellom anna forståinga av korleis også dei fattige hadde sine rettar, som å verte ustraffa om ein har stele eit brød i rein desperat svolt. Ein lovbrytar skulle ikkje miste livet men skulle få høve til å vise endring. Forholdet mellom makt og rett vart annleis.

For det andre: Frans er kjent for sitt forhold til naturen. Det var annleis ein enn det som mange hadde i hans samtid. Hans tekstar, og ein av dei skal vi synge etterpå – viser ein djup og eigenleg ubryteleg samanheng mellom menneske og alt denne verda elles er for at vi skal leve: jord, luft, vatn, sol og måne, dag og natt, planter, dyr – ja, faktisk også døden.

Dei er ein samanheng som vi ikkje kan setje oss utanfor. Det er ikkje eit sklije mellom oss menneske og naturen som to heilt ulike røyndomar. Vi menneske er ein del av naturen, og heilt avhengige av den, og deltar aktivt i samspelet med den. Det er sterke bilete frå Frans sine talar til fuglane og dyra som er noko av det mest kjende etter han.

Det var andre i hans samtid som satte eit skilje mellom det åndelege og det materielle i tilveret. Her har Frans også tatt opp svært viktige trådar frå dei bibelske tekstane, også dei vi har høyrt i dag. Naturen med planter og dyr, med fotosyntesen og alt det den fører til for alt liv i denne verda, er ikkje berre teikn som peikar mot ein skapar. Som det heiter i Salme 36 i det gamle testementet: «Herre, du bergar både menneske og dyr!» Dei er i seg sjølv uttrykk for Guds nærver, og samanhengen mellom alt er netopp i Gud. Difor kan Frans også takke Gud for alt dette i Solsongen, som vi skal synge. Vi blir søsken i Guds store verd med alt dette. «Takk, gode Gud  for bror Sol, så lys og fin, han vekker oss hver morgengry.» «Takk gode Gud for Moder jord, som gjør oss ett med alt som gror.»

Poesi i bibeltekstar og i songar kan uttrykkje sanningar som kanskje ikkje kan seiast på andre måtar. Men dei er ikkje berre vakre ord. Dei utfordrar oss også til å sjå ein vidare samanheng i det store kjærleiksbodet: Å elske Gud av heile vårt hjarta og å elske vår neste som seg sjølv. Det er eit tredje ledd som ikkje er sagt direkte, men som er implisitt, og som Frans gjorde tydeleg:

Dey er eit kall også til å elske naturen, alt det skapte. Korkje vi sjølve eller vår neste kan leve utan den. Fordi det er Guds verd, og å elske Gud er også å elske all Guds skapning.

Dette er ein vesentleg del av kristne og humanistiske verdiar. Ikkje alltid har kyrkje eller andre institusjonar eller styresmakter halde dei fram slik som Frans gjorde. Dei er ikkje verdiar berre for miljøet, men også for vår humanitet, for det å vere menneske på vår eine klode.

Eg ser ein del linjer frå Frans og hans sterke ord og vilje i noko av det vi takka for ved kong Haralds bortgang. Det gjaldt å vise i praksis alle menneske sitt verd. Og det var noko om kjærleiken til naturens liv som kom så tydeleg fram i Kongens eige liv. Så som den gongen han reiste til eit folk i jungelen i Brasil og sa at han ikkje visste heilt om han reise frå eller til sivilisasjonen.

Til sist: Eit personleg minne frå mitt første møte med han som vart den første pave til å ta namnet Frans. I min forrige jobb var eg generalsekretær for Kirkenes verdensråd som representerer ortodokse og protestantiske kyrkjer verda rundt med sine vel 560 millionar medlemer. Til denne oppgåva var det ei særleg glede å representere dei og ta vare på samarbeidet også med den katolske kyrkja og Paven i Roma.

Ein dag eg hadde gitt mine kollegaer eit bilete for å syne korleis vårt arbeid for einskap og fred mellom kyrkjer, religionar, samfunn og natur hang saman, hadde eg tatt fram eit foto av eit glassmaleri av Frans av Assisi. Eg hadde sett det i ei lita og heilt spesiell kyrkje i Assy i dei franske alpane. Den var utsmykka med kunst frå verdas mest berømte kunstnarar på1930-talet, for at dei mange pasientane på tuberkulose-sanatoriene der skulle få håp og tru. Eitt av bileta var ein mosaikk, med portrett av den heilage Frans av Assisi. Den var svært fargerik, og samansett med bitar med ulike former, Men alt vart ein heilskap som likevel sto tydeleg fram. Det var eit portrett av Frans. Men kva som var han og kva som var naturen rundt han med tre, fuglar og fjell var umogeleg å seie så sikkert. Samme dag som eg brukte dette for å inspirere mine kollegaer frå ulike verdsdelar, såg eg på nyheitene om kvelden at det var vald ein ny pave som kalte seg Frans.

Eg hadde med meg ein liten kopi av dette biletet til min første samtale med pave Frans på tomannshand. Og eg sa noko om det store førebilete vi alle har i Frans av Assisi, og kor inspirerande det er for alle kyrkjer i verda at han hadde tatt namnet Frans.

Så såg vi på kvarandre, og kjente på ein underleg samanheng mellom oss, som menneske i den store samanhengen Gud har satt oss i, uansett roller og namn. Og vi var litt rørte begge to. Så peikte han på postkortet eg hadde hatt i innerlomma, og spurte: «Kan eg få det?»

Året etter utgav han ensyklikaen om skaparverk, natur og miljø som opptakt til Paris-møtet i 2015. Tittelen er eit sitat frå første linje i Solsongen: «Laudato Si»: Eg lovar Deg.

Eg var på Paris-møtet, og talte som ein av dei siste på opningsplenumet. Eg la merke til kor mange som siterte Pave Frans sin tekst, ikkje minst mange av verdas mektige politikarar. Dei sa noko om at miljø og klimautfordringane handla om meir enn teknologi og økonomi, men om verdiar, om moral og til og med «spiritual values».

Våre kristne og humanistiske verdiar trengst. Også desse frå Frans. Og dei er meir enn ein arv. Dei er noko vi kan bruke. For å leve betre saman i vår verd.  

Det er grunn til å gjere som Frans av Assisi og be om og arbeide for fred. Fred med naturen, mellom folk og nasjonar, fred med kvarandre. Og å takke Gud for alt.

Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, som var, er og vere skal, èin sann Gud frå æve og til æve. Amen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"