Kyrkja må stå opp for menneske på flukt

Kva ansvar har kyrkja for menneske på flukt? Kyrkjeleiarar og politikarar drøfta menneskeverd, nestekjærleik og kyrkja sitt ansvar på eit frukostseminar på Oslo Hospital i førre veke.

Publisert:

Fra panelsamtalen: Kjetil Fretheim, Sturla Stålsett, Hanne Stensvaag og Amalie Gunnufsen.
Fra panelsamtalen: Kjetil Fretheim, Sturla Stålsett, Hanne Stensvaag og Amalie Gunnufsen.

Bakgrunnen for seminaret var ein flyktningsituasjon der stadig fleire treng  vern, medan grensene mange stader vert strammare. Eit sentralt spørsmål var korleis kyrkja kan bidra i praksis. 

Representantar frå Mellomkyrkjeleg råd og akademia  deltok i panelsamtalen saman med mellom andre rektor ved MF vitenskapelige høyskole  Sturla Johan Stålsett og to stortingspolitikarar. Dei drøfta ansvaret for menneske som søker tryggleik og vern. 

– Menneske på flukt treng tryggleik og vern. Trua vår kallar oss til å stå opp for menneskeverd og nestekjærleik, sa generalsekretær Einar Tjelle i si innleiing.  

Ei bok om kyrkjeasyl og ansvar 

Seminaret tok utgangspunkt i den nye boka Kirkeasyl – hva nå? Kristenretten 1000 år og ansvaret for flyktninger i dag. Sturla J. Stålsett, Steinar Ims og Gyrid Gunnes presenterte boka saman med biskop emeritus Tor B. Jørgensen.  

Dei tidlegare retningslinjene som avgrensa politiet sin praksis med å hente ut kyrkjeasylantar, vart oppheva i 2022. I mai 2026 vart ein kyrkjeasylant henta ut av Herøy kyrkje. Kyrkjeasyl var ikkje ein lovfesta rett. Endringa utfordra likevel tradisjonen med kyrkjerommet som fristad for menneske i naud og som eit heilag rom. 

Forfattarane peika på eit paradoks: Samstundes som det offisielle Noreg har feira 1000-års-jubileet for kristenretten, avviklar regjeringa ein praksis  med lange røtter i denne rettstradisjonen: respekten for kyrkjeasylet.  

Stå opp for menneskerettar og institusjonar 

– Den globale nedrivinga av institusjonar og systema som er laga for å ta vare på menneske på flukt, er kritisk. Dette fører berre til  fleire flyktningar og press på menneskeverdet, sa Sturla Stålsett.  

Han la til: – Ei viktig oppgåve framover blir å bygge tillit til de systema er laget for å ta vare på menneske på flukt. 

Hanne Beate Stenvaag, stortingsrepresentant for Rødt, fulgte opp:  

– Internasjonale menneskerettigheter og ordninger må tas vare på. Vi må stå opp mot svekkelsen av disse, og ikke minst må vi stå opp for de som er kommet til Norge. Her har også kirken en rolle, sa hun. 

Amalie Gunnufsen, stortingsrepresentant fra Høyre, la vekt på at verda har endra seg mye, og at asylinstituttet ikke har oppfylt sitt formål slik det var tenkt.  God kontroll kan også bidra til å styrke legitimiteten, mente hun.  

– Støtte til hjelp i flyktningers nærområde er også essensielt.    

– Tal vel om migrantar og kjemp for rettane 

Stortingsrepresentant Stenvaag løfta fram ei anna viktig oppgåve for kyrkja:  

– I eit ordskifte som hardnar, er det viktig å tale vel om migrantar. Ho peika og på at fleire rettar vert svekka. Til dømes gjer stadig høgare inntektskrav til familiegjenforeining det vanskeleg for familiar å bli samla. Ønskjer vi ordningar kor det er dei mest ressurssterke som vert hjelpne? 

Avslutningsvis fekk leiar i Mellomkyrkjeleg råd, Kristine Sandmæl ordet for å oppsummere samtalen.  

– Noreg må ta sin del av ansvaret for menneske på flukt. Kyrkja må særleg stå opp for dei mest sårbare og seie frå når politikk og praksis rammar urimeleg. Det handlar om å insistere på menneskeverdet, skape tryggleik og vern. Her har ofte kyrkja lokalt ei viktig rolle.   

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"