Minneord: Prinsesse Astrid

I meir enn sytti år har prinsesse Astrid fylt sine oppgåver for konge og fedreland med stor truskap. Les preses Olav Fykse Tveit sitt minneord her.

Publisert:

Prinsesse Astrid er død, 94 år gammal. Foto: Stian Lysberg Solum / POOL / NTB
Prinsesse Astrid er død, 94 år gammal. Foto: Stian Lysberg Solum / POOL / NTB

Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja

Prinsesse Astrid, fru Ferner er død, 94 år gamal.

I meir enn sytti år har ho fylt sine oppgåver for konge og fedreland med stor truskap. I dag kjenner vi på både sorg og takk.

Allereie som 22-åring fekk ho stort ansvar, og vart førstedame i Noreg saman med sin far. Etter dette heldt ho fram i tenesta, som ein aktiv representant for kongehuset, i samarbeid med monarkane som regjerte. Ho har representert kontinuitet og vore ei solid støtte for dei.

Menneskeverd stod sentralt i prinsessa si teneste. Gjennom sitt engasjement og tolv beskyttarskap hadde ho eit særleg hjarte for menneske som er sårbare og fell utanfor fellesskapen.

Ho stod like bak sin far, kong Olav, då han vart signa i Nidarosdomen i juni 1958. Prinsesse Astrid utrykte at det var alvorleg, høgtideleg og stemningsfullt å bli inkludert i bøna til biskop Arne Fjellbu: «Gi hele hans hus all god gave for tid og evighet».

Kong Harald skildra søstra som «grenseløst lojal». Saman sette dei plikta og kjærleiken til landet først. Ho var der saman med oss, i viktige hendingar i nasjonens liv, seinast ved kong Harald si gravferd i Oslo domkyrkje.

To veker etter at hennar bror døde, minnest vi i dag prinsesse Astrid.

Gjennom sitt liv tente ho fire kongar – kong Haakon VIII i to veker. Ho var ein berar av tradisjon heilt til det siste.

I dag sender vi våre kondolansar til kong Haakon VIII og den næraste familien for øvrig. Vi tenker særleg på dronning Sonja som har mista si svigerinne.

Vår takk for kong Haralds virke for vårt folk omfattar såleis i dag også ein takk for prinsesse Astrids liv og virke, og ein takk for alt ho fekk bety for sin bror.

Vi lyser fred over prinsesse Astrid sitt minne.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"