Ny avtale med NMS

Rundt 600 kyrkjelydar har misjonsavtale med Det norske misjonsselskap (NMS). I dag vart ein ny avtale mellom folkekyrkja og Noregs første misjonsorganisasjon signert.

Publisert:

På NMS si generalforsamling vart avtalen signert. Frå venstre: Bjørn Inge Hauge, dagleg leiar i NMSU; preses Olav Fykse Tveit, Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet; Bjørg Tysdal Moe, styreleiar i NMS; Elise Slettebø Melhus, styreleiar i NMSU og Helge Gaard, generalsekretær i NMS. Foto: Andreas Dirdal Kydland / NMS.
På NMS si generalforsamling vart avtalen signert. Frå venstre: Bjørn Inge Hauge, dagleg leiar i NMSU; preses Olav Fykse Tveit, Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet; Bjørg Tysdal Moe, styreleiar i NMS; Elise Slettebø Melhus, styreleiar i NMSU og Helge Gaard, generalsekretær i NMS. Foto: Andreas Dirdal Kydland / NMS.

Under NMS si generalforsamling vart ein ny samarbeidsavtale mellom Den norske kyrkja, NMS og NMSU endeleg godkjent og signert.  

– NMS er den misjonsorganisasjonen med aller tettast tilknyting til Den norske kyrkja, og NMS forstår seg sjølve som kyrkja sin misjonsorganisasjon. Vi har jobba saman sidan NMS sin oppstart, men nye tider krev nye måtar å organisere samarbeidet på, seier Harald Hegstad som er leiar i Kyrkjerådet.

Det norske misjonsselskap (NMS) vart stifta i 1842 og var den første misjonsorganisasjonen i Noreg. For tida driv organisasjonen arbeid i 18 land rundt om kring i verda. Barne- og ungdomsorganisasjonen NMSU driv leir og lokallagsarbeid i Noreg. 

Rundt halvparten av kyrkjelydane i folkekyrkja har misjonsavtale med NMS. Det inneber mellom anna å få informasjon om arbeidet, samle inn pengar og be for misjonsprosjektet.

Generalsekretær i NMS, Helge Gaard er glad for at avtalen no er signert:

– No har vi fått ein ny reiskap til å få meir misjon inn i Den norske kyrkja, seier Gaard.

Den nye avtalen er inngått mellom Den norske kyrkja på nasjonalt nivå – og målet er at den skal bidra til gode rammer for samarbeidet og at ein saman kan fremje engasjement for misjon og globalt kyrkjeliv.

Avtalen inkluderer også samarbeid med NMSU, som er barne- og ungdomsorganisasjonen til NMS.

Den norske kyrkja er ei misjonerande folkekyrkje. Preses Olav Fykse Tveit er glad for avtalen som formaliserer eit langt og godt samarbeid: 

– Kyrkja treng NMS og dei impulsane og relasjonane, men også det trufaste og sterke engasjementet for kyrkjas oppdrag, som er misjon. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"