– Steinkjer kyrkje er gudshus og helligstad i Steinkjer, og eit bygg midt i byen som med sin monumentalitet opnar opp rommet for noko meir, seier biskop i Nidaros, Herborg Oline Finnset.
Måndag 17. august blir det markert at Steinkjer kyrkje kjem inn på lista over kulturhistorisk viktige kyrkjer.
Steinkjerkyrkja er ei modernistisk kyrkje frå 1965, og er utsmykka av kunstnaren Jakob Weidemann.
– Kyrkja er eit smykke som no får ein fortent plass på den prestisjetunge kyrkjelista, seier riksantikvar Hanna Geiran.
Får nasjonalt vern på kyrkjelista
– Den er eit framifrå døme på etterkrigstidas kyrkjearkitektur, med ein heilt sentral plassering på torget i ein gjenreisingsby av nasjonal verdi, meiner riksantikvar Geiran.
På 1990-talet starta arbeidet med å setje kulturhistorisk viktige kyrkjer inn på ei nasjonal liste. Dette var for å gje dei viktigaste kyrkjene eit vern mot riving og større endringar, for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane for framtida. Ei listeført kyrkje skal handsamast som om ho var freda.
Biskopen i Nidaros er glad for at det flotte kyrkjebygget no får vern.
– Det er viktig og riktig at Steinkjer kirke no kjem inn på Riksantikvarens liste over særleg verneverdige kyrkjer, seier Nidaros-biskop Finnset.
Dramatisk krigshistorie
Det er ei dramatisk historie bak den kyrkja vi kan sjå i dag. Den førre kyrkja på staden vart øydelagt av bomber i april 1940, saman med resten av byen.
– Steinkjer kyrkje har ein svært viktig rolle og funksjon for oss i Steinkjer, seier ordførar Gunnar Thorsen.
– Kyrkja er plassert sentralt på Steinkjer torg, og er eit naturleg samlingspunkt for oss alle i alle livsfasar. Steinkjer kyrkje har også ein stor kulturell verdi for oss i Steinkjer med Jakob Weidemanns kunst, og blir også nytta til konsertar og andre arrangement igjennom heile året. Den er ein av dei viktigaste identitetsberarane for kommunen vår, og vi er svært glade for at kyrkja vår no skal listeførast.
Liknar på Nidarosdomen
Sjøl om kyrkja er nyare så liknar ho også på tidlegare tiders kyrkjearkitektur:
– Mange tykkjer at den breie og store frontveggen minner om vestfronten på Nidarosdomen. Slik møter ein både gamal og ny tid i Steinkjer, seier Geiran.
Saman med det høge, frittståande klokketårnet, gjer kyrkja eit verdig og imponerande inntrykk. Bak frontveggen er sjølve kyrkja forma som ei kyrkjeklokke. Arkitekten bak bygningen var Olav S. Platou.
Steinkjer-kunstnaren Jakob Weidemann har teikna dei fleste glasmaleria og alterbildet, og han er rekna som ein av de viktigaste kunstnarane i norsk modernisme. Kunstverka gjer kyrkja eit unikt særpreg, og passar inn i det arkitektoniske uttrykket.


