– Å seie unnskyld forpliktar. Det handlar om korleis vi no skal møte kvarandre.
Det sa preses Olav Fykse Tveit i oktober i fjor, då han på vegne av Den norske kyrkja sa unnskyld til skeive for skam, stor skade og smerte.
Difor minner preses no om at menneske med LHBT+-identiet kan oppleve at det er krevjande med mykje debatt og merksemd i samband med Pride-månaden.
– Det er ein krass tone i den offentlege diskusjonen i år, særleg om transpersonar. Vi veit at auka merksemd, både internt i organisasjonar og i det offentlege ordskiftet, kan føre til at skeive opplever å bli gjort til «ei sak». Det kan vere ei belastning, og det er difor viktig at vi alle er medvitne korleis vi ordlegg oss og møter kvarandre.
I år som i fjor, har preses sett fram regnbogeflagget på pulten. Han ynskjer å arbeide for at kyrkja skal vere eit trygt rom og ein god arbeidsplass:
– For meg handlar flagget om at skeive tilsette og andre fortel at regnbogeflagget verkar som ein markør på at dette er eit trygt rom, der ein kan kome som skeiv, seier preses.
Fykse Tveit understrekar at Den norske kyrkja jobbar for å vere ei open og inkluderande kyrkje. I folkekyrkja kan skeive gifte seg, jobbe og vere medlem.
– Det er mykje diskusjon mellom kristne og merksemd om kristne trussamfunn som har andre haldningar. Vårt bodskap er at alle er skapt i Guds bilete. I vår kyrkje kan dei vere medlemmer, ha verv, gifte seg og bli tilsett i alle type stillingar.
