Sivile betaler prisen i Libanon

Massiv bombing og over éin million menneske på flukt gjer Libanon svært sårbart. Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp ber om våpenkvile, vern av sivile liv og auka humanitær innsats.

Publisert:

Illustrasjonsfoto frå bombing i Irak. (Foto: Hawkey/Kirkenes verdensråd)
Illustrasjonsfoto frå bombing i Irak. (Foto: Hawkey/Kirkenes verdensråd)

Israel og USAs angrep på Iran 28. februar har trekt fleire naboland inn i krigen. Israel, med støtte frå USA, hevdar at våpenkvila med Iran ikkje omfatta Libanon, og har intensivert bombing av Hizbollah-mål i sørlege delar av landet. No blir også sentrale område i Beirut råka. Samstundes held Hizbollah fram med å skape utryggleik gjennom angrep mot sivile i nordlege delar av Israel. Situasjonen er svært prekær.

– Sivile betaler den høgaste prisen. Det trengst umiddelbar våpenkvile, og reell vilje til fredssamtalar. Israel og alle partar må respektere folkeretten og beskytte sivile liv, seier Einar Tjelle, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja.

Solidaritet mellom kyrkjer

Forrige veke sende Den norske kyrkja ei helsing til Kyrkjerådet i Midtausten (MECC) for å uttrykkje solidaritet og forbøn i ei ekstremt vanskeleg tid. Kyrkjerådet, som har hovudkontor i Beirut, samlar alle dei store kyrkjesamfunna i regionen. Den norske kyrkja og Kirkens Nødhjelp har gjennom mange år hatt eit nært samarbeid med rådet.

Tjelle fortel at generalsekretær i MECC, Michel Abs, uttrykte djup takksemd for støtta frå Noreg. Abs skildrar ein kvardag prega av enorm smerte og angst, der mange uskuldige sivile lir under krigens øydeleggjande konsekvensar.

– Den norske kyrkjas tydelege moralske stemme, bøner og solidaritet gir reell trøyst og oppmuntring, seier Abs.

Han takkar Den norske kyrkjas leiing for forsvaret av menneskeliv, rettferd og folkeretten.

– Det gjer inntrykk når Abs fortel kor viktig det er for libanesarane at lidinga deira verken er usett eller gløymd, og at ropet etter fred, rettferd og ansvarleggjering framleis blir høyrt av trufaste partnarar og vener verda over, seier Tjelle.

Nyleg kom Kyrkjenes verdsråd og Kyrkjerådet i Midtausten med ei felles fråsegn om situasjonen i Libanon, der dei insisterer på respekt for folkeretten og vern av sivile liv.

Kirkens Nødhjelp er til stades

Sidan kamphandlingane starta i Libanon i byrjinga av mars, har Kirkens Nødhjelps team på bakken arbeidd utan stans for å lindre nauda blant internt fordrivne som bur i kollektive naudinnkvarteringar.

– Sivile i Libanon betaler prisen for ein konflikt dei ikkje valde. Bustader, vassforsyning og helsetenester er sette ut av spel – og det rammar dei mest sårbare hardest. Alle partar er forplikta til å beskytte sivil infrastruktur og sikre trygg tilgang for humanitær hjelp. Den forpliktinga må haldast, seier Kirkens Nødhjelps landdirektør i Libanon og Syria, Håvard Hovdhaugen.

Så langt har hjelpa nådd menneske i svært krevjande livssituasjonar. Kirkens Nødhjelp har distribuert over 62 000 liter trygt drikkevatn, levert 175 000 liter vatn med tankbil til naudinnkvarteringar og delt ut over 7 000 liter diesel til oppvarming. Det er ytt bistand i meir enn 25 kollektive naudinnkvarteringar i Beirut og Mount Lebanon.

Behova veks raskt. Organisasjonen trappar no opp innsatsen gjennom lokale partnarar for å nå fleire familiar, også i sør- og nord-Libanon, der fordriving og naud aukar.

– Men vi kan ikkje gjere dette åleine og utan pengar. Givarar og styresmakter må bidra no, seier Hovdhaugen.

– Lat oss bere Libanon og alle som blir ramma av krigen i Midtausten i forbøn – og stå saman i konkret solidaritet, avsluttar Einar Tjelle.

Du kan støtte Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for menneske på flukt og i naud ved å vippse eit valfritt beløp til 2426.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"