Frans av Assisi utfordrar og inspirerer framleis

I preika under gudstenesta i samband med Stortingets opning i Oslo domkyrkje løfta preses Olav Fykse Tveit fram arven etter Frans av Assisi. Gjennom refleksjonar om menneskeverd, natur og fred peika han på korleis verdiar frå den kristne og humanistiske arven framleis utfordrar samfunnet i dag.

Publisert:

Olav Fykse Tveit
Denne helga er det 800 år sidan Frans av Assisi døydde. Dei sterke spora han har sett i kristendomshistoria og i europeisk kultur, var tema i preses Olav Fykse Tveits preike i gudstjenesta ved opninga av Stortinget fredag.
 
Les heile preika nederst på denne sida.
 
– Frans av Assisi representerer eit syn og ikkje minst ein praksis som understrekar alle menneske sitt verd, uansett rikdom og status, helse og alder, sa preses.
 
Han framheva at Frans av Assisi var kritisk til både økonomisk ulikskap og maktmisbruk, og korleis han la vekt på omsorg for fattige, sjuke og menneske i sårbare situasjonar. Preses trekte også fram påverknaden fransiskanarane har hatt i Noreg, mellom anna gjennom deira arbeid for sjuke og fattige og dei historiske linjene til utviklinga av lov og rett.

Mennesket og naturen

Ein sentral del av preika handla om forholdet mellom mennesket og naturen. Preses fortalde om korleis Frans av Assisi såg heile skaparverket som ein samanheng mennesket ikkje kan setje seg utanfor.
 
– Vi menneske er ein del av naturen, og heilt avhengige av den, og deltar aktivt i samspelet med den, sa han.
 
Preses understreka at omsorga for naturen ikkje berre handlar om miljøspørsmål, men også om menneskeverd og ansvar for medmenneske.

– Kristne og humanistiske verdiar trengst

Mot slutten av preika delte han eit minne frå møte med pave Frans, og viste til korleis arven etter Frans av Assisi framleis inspirerer kyrkjer, samfunn og internasjonalt arbeid for fred og rettferd.
 
Han avslutta med å understreke behovet for felles verdiar i møte med vår tids utfordringar.
 
– Våre kristne og humanistiske verdiar trengst. Også desse frå Frans. Og dei er meir enn ein arv. Dei er noko vi kan bruke. For å leve betre saman i vår verd.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"