Kjære alle saman!
Det er ei stor glede å ønskje velkomen til Nidaros og Nidarosdomen, når vi no igjen er samla til Olavsfest og olsokfeiring. Det er ein stor fest og ein brei festival, som også i år vil gi oss mange og sterke opplevingar og inntrykk gjennom eit allsidig og spenstig program. Det er, som namnet seier, ein fest med mange og djupe røtter. Det gjeld det vi har i Olavsarven, og kva vi vil bruke den til. Det kjem så sterkt til uttrykk her vi er, ved og i Nidarosdomen.
Dette er eit høgdepunkt i året for mange av oss. Her kan vi møte store artistar, nye musikkverk, filmar og andre kunstuttrykk, og vi kan delta i ulike arrangement og gudstenester her i Nidarosdomen og i tilleggende herligheter, i ulike arenaer og bygg.
Olavsfest har også i år eit ambisiøst og utfordrande tema: Sanning. Det gjer noko både med den som skal bidra og med oss som får del i opplevingane.
«No sa du nåkka som e heilt sainnt!» Eg vart eing gong beæra av at Håkon Bleken kommenterte noko eg sa i ei preike her i Nidarosdomen. Det var pinse, og det handla om kva ånd og åndsliv er. Eg hadde sagt med litt frykt og beven, men ut frå erfaring: «Anden verkar ofte, og stundom aller sterkast, i motvind». Eller som Håkon Bleken sa: «Det blir itj nå kunst uten friksjon!»
Kyrkja trur at Guds Ande kan føre oss til meir sanning. Men det skjer ikkje berre i medvind. Det kan kreve noko av oss, fordi det handlar om å søkje sanning. Og det handlar om å stå opp for det som er sant. Det handlar om ei haldning: Å vere sann og sannferdig, ærleg og påliteleg.
Ved å velge temaet «sanning» får ein fram noko av det som gjer koplinga mellom kulturen og kyrkja tydeleg, men også utfordrande på ein god måte. Den opne kyrkjelege tilnærminga til kulturuttrykk av ulike slag har ein sterk motivasjon nettopp i vår gudgitte evne til å søke etter sanning, kunnskap, og meining.
Denne opne haldninga til å søkje det som er sant, med hjelp av både vitskap og av kunst og kultur, har god støtte i ein spesiell bibeltekst. Den har spelt ei stor rolle også hjå dei som starta med Olavsfestdagar her i Trondheim. Apostelen Paulus skreiv:
«Alt som er sant, alt som er ære verdt, alt som er rett, og alt som er reint, alt som er verdt å elska, og alt som er verdt å akta, all god gjerning og alt som rosverdig er, legg vinn på det!» (Fil 4, 8)
Dette er ei haldning vi stadig må utvilkle og forplikte oss på. Det er ei haldning som gjer at samarbeid og møter mellom ulike aktørar og kulturar blir lærerikt og vesentleg, ja, heilt nødvendig.
Vi lever i ei tid der sanninga blir utfordra, ja, motarbeidd og endå til omskriven til noko anna, for å ivareta eigne interesser.
Striden for sanninga må handle om bruke kraft til å søkje, og finne, og ikkje minst gjere det gode, det andre treng, «the common good». I tide.
Det er mykje som er sant og vakkert, som kan og skal bli bekrefta gjennom kultur og musikk. Vi treng kunst og musikk for å sjå korleis natur, menneskeverdet, freden, sjølve livet er truga. Vi treng også å bli motiverte til å halde fast på at det er sant, heilt sant, at vi kan skape håp og endring til det betre.
Difor treng vi også ein Olavsfest som både samlar og utfordrar oss. No er vi her. Det er ei gåve og eit privilegium å kunne møtast her og no i Nidaros på denne måten. Det er også heilt sant.
