Miljøkyrkja i Ulsteinvik

Arkitektfirmaet Snøhetta presentere sist veke løysingane for Ulstein nye kyrkje på eit ope møte. Heile prosjektet har ein totalkostnad på 103 millionar kroner.

Publisert:

Utvendig skisse av framlegget til den nye kyrkja i Ulsteinvik. (Ill.: Snøhetta)
Utvendig skisse av framlegget til den nye kyrkja i Ulsteinvik. (Ill.: Snøhetta)

Basiskostnad for kyrkjebygget er på 89 millionar kroner, og så er det lagt til 14 millionar kroner som forventa tillegg og usikkerheitsavsetning. Miljødirektoratet har løyva 3 mill. kroner for bruk av massiv tre i konstruksjonen.

Engasjement og innsamla midlar
I samarbeid med kommuneadministrasjonen arbeider Ulstein sokn med å få på plass finansieringa for bygging av Ulstein nye kyrkje. Det er ei målsetting å ta del i finansieringa med innsamla midlar. Allereie ved offentleggjering av vinnaren i arkitektkonkurransen blei det satt i gang ei gjevarteneste der meir enn 100 personar har meldt seg som gjevarar, med avtalar for ein periode på 10 år.

- Større enkeltbeløp har kome inn frå engasjerte privatpersonar. Desse midlane utgjer per i dag ein verdi på heile 6,2 millionar kroner, noko som viser litt av engasjementet. Ulstein sokn held fram arbeidet med å samle inn midlar. Det er også gledeleg at fleire grupperingar og enkeltpersonar har satt i gang kreative tiltak for å samle inn pengar til Ulstein nye kyrkje. Ei kjolerulling gav  60.000 kroner og bilmessa 2. september vil også gi sitt overskot til Ulstein nye kyrkje, fortel Christfried Kaul, kyrkjeverje i Ulstein.

Massivt tre – eit miljøvenleg val
Miljødirektoratet støtter bygging av Ulstein nye kyrkje med 3 millionar kroner for ei miljøvennleg og framtidsretta kyrkje. Miljø og berekraft har vore viktige verdiar under heile prosessen. Ei kyrkje som skal stå i fleire generasjonar skal ha ein kvalitet som er berekna for å vare i lang tid. Store deler av berekonstruksjonen skal vere i massivt tre. Oppvarming og inneklima vil få framtidsretta og miljøvenlege løysingar.

Rom for ei kyrkje i vekst
Planane Snøhetta la fram 17. august fram vil gi ei kyrkje med mange fleire bruksmoglegheiter enn eksisterande kyrkje. I tillegg vil det vere god plass til å romme dei mange aktivitetane i kyrkjelyden, samt administrasjonen. Kyrkja vil vere langt betre tilgjengeleg og godt rusta for sine oppgåver for komande generasjonar, seier kyrkjeverje Christfried Kaul.



Kontaktperson i Ulstein sokn:
Christfried Kaul, kyrkjeverje
Mobil 916 96 820
Epost: ck563@kyrkja.no


Snitt av utkastet til den nye kyrkja i Ulsteinvik. (Ill.: Snøhetta)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"