Oslo domkyrkje opna dørene

I 2011 heldt Oslo domkyrkje ope i tida etter terrorangrepet i Oslo og på Utøya. I år var domkyrkja open frå morgon til kveld, og mange var innom kyrkja for å tenne lys, minne eller vere stille.

Fremst i Oslo domkyrkje var det satt opp 77 raude roser til minne om dei som vart drepne 22. juli 2011. Foto: Oslo domkyrkje / Den norske kyrkja.

I år er det elleve år sidan terrorangrepet i Oslo og på Utøya, der 77 personar vart drepne.

Kyrkjer over heile landet opna idag dørene. I Oslo domkyrkje var kyrkja open frå morgon til kveld, med høve til lystenning, prate med prest eller diakon – eller berre sitje stille. Fremst i kyrkja var det sett opp 77 roser til minne om dei drepne. 

– Ein minnestad

– Oslo domkyrkje har vore ein minnestad sidan 22. juli 2011. Ein stad der folk har kome for å legge ned blomar, tenne lys, vere stille og vere saman.

Det seier Pål Kristian Balstad som er leiande domkyrkjeprest i Oslo domkyrkje. Saman med fleire prestar og diakonar har han vore til stades i den opne domkyrkja gjennom dagen. 

– Vi ser framleis eit behov for å kunne setje ord på det som var uforståeleg – og det som framleis er uforståeleg. 

Klokka 17 var det gudsteste der Balstad heldt preike. Nestleiar i Den nasjonale støttegruppen etter 22. juli, Tor-Inge Kristoffersen, deltok som medliturg. På gudstenesta vart lest tekstar, tent lys og bedt bøner for dei omnkomne og dei etterlatne. 

Stoltenberg tende lys

Domkyrkja opna klokka 10, like etter markeringa i regjeringskvartalet. I løpet av dagen har mange innom kyrkja for å tenne lys og sjå på dei 77 raude rosene fremst i kyrkja. Mange har også nytta kyrkja sin digitale bønevegg (kyrkja.no/be) for å tenne eit lys eller skrive ei bøn. 

Jens Soltenberg som var statsminister i 2011 var av dei som besøkte Oslo domkyrkje for å tenne lys. 

– Det er vondt, men òg vakkert og fint. Vi minnest dei menneska som vart drepne, men vi minnest òg at heile det norske folk stilte opp og slo ring rundt openheit, mangfald og det terroristen gjekk til angrep på, sa Stoltenberg til VG

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"