Påskegudsteneste på TV og radio

NRK sender gudsteneste frå Stjørdal kirke denne påska. Du kan følgje gudstenesta både på TV, radio og nett.

Stjørdal kyrkje opna i 2015. Denne påska kan du følgje tre gudstenester på TV og radio. Foto: Stjørdal kyrkje

Denne påska sender NRK tre gudstenester frå Stjørdal kirke i Trøndelag. Det er gudsteneste palmesundag, langfredag og 1. påskedag. 

Alle gudstenestene går startar kl. 11.00. Du kan sjå gudstenesta på NRK1 og NRK TV, og høyre den i NRK Radio på P1+. Trykk her for å sjå den i NRK TV på nett

– Dei tre gudstenestene har ulik profil, både innhaldsmessig og musikalsk, seier Kristine Setran. Ho er sokneprest i Lånke sokn og har ansvaret for NRK-påskegudstenestene.

Mange aktørar

Alle gudstenestene går føre seg i Stjørdal kyrkje – men er laga i eit samarbeid mellom dei fire sokna Hegra, Lånke, Skatval og Stjørdal. 

Sokneprest Setran fortel at mange ulike aktørar bidreg til gudstenestene:

– Fleire skular og barnehagar har bidrege med utsmykking av kyrkjeromet, i form av teikningar og malte påskeegg. Ein vidaregåande skule deltek med dansarar, og fleire elevar frå kulturskulen deltek. 

I tillegg deltek lokale kor og ulike Stjørdalingar vert intervjua på dei tre påskegudstenestene. 

Trykk her for å sjå gudstenestene på NRK TV

NRK sender gudstenester på TV og radio frå Stjørdal på palmesundag, langfredag og 1. påskedag. Foto: Stjørdal kyrkje. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"