Tre grunnar til å snakke om synd

Preses' preike i Nidarosdomen 6. august: Det er ikkje så triveleg å snakke om synd. Det er ikkje alltid så lett, heller. Kvifor skal vi likevel gjere det? Les heile preika her.

Preses Olav Fykse Tveit foran Nidarosdomen i Trondheim. Foto: Den norske kyrkja

Preika vart halde av preses Olav Fykse Tveit, sundag 6. august.

Gudsteneste i Nidarosdomen under Kyrkjemøtet.

Tekst: Evangeliet etter Lukas kapittel 5, vers 27-32.

 

Tre grunnar til at vi må snakke om synd

Det er ikkje så triveleg å snakke om synd.

Det er ikkje alltid så lett, heller.   

Kvifor skal vi likevel gjere det?

Det er i alle fall tre grunnar til at det må til. Og denne episoden med at Jesus kallar tollaren Levi til å verte hans disippel, kan vise oss litt kvifor og kva det handlar om.

 

Fordi synd er ein realitet vi må gjere noko med.

Først og fremst fordi synd er ein realitet i livet som handlar om det verste, vrangsida av livet kunne vi nesten seie. Det er store, dramatiske, forferdelege opplevingar for mange det handlar om, eller dei mindre synlege, men vonde handlingar gjer og haldningar vi menneske har overfor kvarandre.

Det er som ei makt i tilveret. Ho gjer seg gjeldande hjå oss, i meg, men også i strukturar, i samanhengar, i politiske og økonomiske realitetar.

Er det noko i trua som ingen treng tvile på, er det vel at synda finst. Media fortel oss heile tida om følgjer av menneskeleg svikt, mangel på kjærleik, undertrykking, skader på liv og helse, relasjonar som vert brotne. Skader på miljø og natur som rammer menneske i dag, og endå verre kan det bli.

Det er personlege mistak, det er fellesskap som har svikta, og det er strukturar som gjer at menneske opplever urettferd, matmangel og meir til.

Levi var ein tollar. Det er i dag eit ærleg yrke, og sjølv om ein ikkje er populær for alle, eit heilt nødvendig yrke i ein rettsstat. Kven som helst kan ikkje importere inn i landet kva som helst. Særleg ikkje det som kan øydeleggje andres liv. På Jesu tid var tollaren ein som krevde avgifter av folk som reiste på dei store ferdeselsårene. Levi sat i tollbua på vegen mellom austen og middelhavet som gjekk gjennom Galiliea-områda. Han vart rekna for urein, ein som tok pengar får folk på vegner av imperiet, okkupasjonsmakta, og attpå til ein som var kjent for å ta for mykje og stikke ein god del i eiga lomme. Sakkeus var ein annan av dette lauget, som måtte gjere opp den slags då Jesus kalte også han ut av dette mønsteret.

Jesus er ikkje atterhalden med å utfordre til endring, til omvending, og til etterfølging, og omtale dei som treng det «syndarar». Men han er heller ikkje atterhalden med å vise at dei ikkje skal støytast ut, ekskluderast, eller påførast skam. Han blir med på festen med tidlegare kollegaer.

Det er ein konkret realisme i begrepet «synd» som dessverre er sann, alt for sann. Det er ikkje noko vi skal vere glade for å kunne slå fast, for å få rett, eller endå til makt over andre menneske, gjennom å påføre dei skam eller utanforskap, eller eit slags politisk maktmiddel til å få det som vi vil.

Det er jo nettopp faren for at religion kjem til uttrykk i denne sjølvrettferdige haldninga som Jesus kritiserer så ofte. Også når han kalte tollaren Levi til disippel.

Levis fortid var noko å ta eit oppgjer med. Men også den spegelen Jesus set opp for dei som murrar, er viktig. Dei meiner at Jesus undergrev den moral og dei standardar som ein skulle byggje opp som rettferdige, religiøse leiarar. Kven er rettferdig? Ja, det var det då…

Det trengst definisjonar av kva som er galt. Eit rettssamfunn treng det. For å setje grenser for vondskapen og dei vonde handlingar, også for den som gjer dei. Også i eit internasjonalt samfunn. Det er behov for internasjonal lov, ein krigsforbrytardomstol, som skal byggje på  krigens folkerett.

Vi treng speglar som gir nokon kvar ein mulighet til å sjå sanninga i augene om seg sjølv og sitt system, kanskje også det som gjeld ein institusjons eller nasjons handlingar.

Kirkenes Verdensråd sa samla i 1948: «Krig er synd mot Gud og menneske.» Så alvorlig er det. Sjølv om vi

Vi må snakke om synd. Om vondskap. Om det gale vi gjer, seier, tenkjer. For vi må gjere noko med det. Vi må bidra til å stoppe syndas verknader. Det hjelper ikkje å berre ignorere det heile, fordi det er så utriveleg.

Difor har krigens folkerett også definert ein rett til å forsvare seg. Men ikkje på kva som helst måte og med kva som helst av middel.

Så alvorleg desse spørsmåla enn er, så har ein vore djupt usamde om krigsteneste er rett i fleire periodar av kyrkjas historie. Eller kanskje nettopp fordi det er så alvorleg og viktig, er det noko ein kan vere usamde om.

 

Det er vanskeleg å snakke om synd – fordi vi kan vere usamde om kva det er

Eg hadde ein kollega som spurte i ei preike om ein tekst som dette: Kva slags farge har synd? Kva slags farge brukar du for å referere til det vonde?

For mange er det svart. I mange slags biletspråk, i daglegtale og i bibelske tekstar, blir gjerne det mørke eller endå til det svarte uttrykk for det vonde.

Robina, som spurte, var ein afro-amerikansk kyrkjeleiar. Ho ba oss tenke på kva det kan bety for dei som er mørke, nokre svært mørke i huda, at deira identitet blir forbunde med det motsette av lys, det gode  - det kvite. Ja, det som er mykje verre: Det er jo nettopp fargen som er brukt til å stigmatisere og undertrykkje så mange. Sjølv om det er aldri så forståelege, kjende eller bibelske bilete, kan dei nettopp brukast til å ta makt over andre. Eller for å seie det med bibelsk språkbruk: Det blir synd. Stor synd. Stadige synder. Strukturar og hendingar. I generasjonar.

Ein annan kollega skreiv ei bok om dette for nokre år sidan – nettopp ut frå syndsbegrepet, og kalte den «America’s Original Sin». Amerikas arvesynd, ursynd. Og kva er det: «White Supremacy». Kvit overlegenhet. Tanken, trua, vissa om at den kvite, med europeisk avstamming har rett til å ta makta, jorda, arbeidskreftene, æra – livet.

Majoritetsblindhet er  ofte ein slags fargeblindheit.

Men det er krevjande å snakke om synd av ein annan grunn. Det handlar om kva som er rett og galt. Og vi vert ikkje samde om kva det er, alltid. Og sjølv når ein trur at ein har klare retningslinjer – itl og med i det ti bud – så ser vi at dei kan brukast på så ulike måtar. Buda kan bli brukt til å stengje menneske ute, til å påføre skam, eller drive menneske til fortviling. Til synd.

«Moral discernment» – moralsk vurdering om kva som er rett og gale - korleis gjer kyrkjene det? Dette har dei siste åra vore eit stort og svært interessant økumenisk tema og studium. Det er faktisk ganske forskjellige måtar ein gjer det rundt omkring i verda. Og det er ulike konklusjonar om fleire ulike del spørsmål om kva som er rett og gale.

Einevaldstida og statspietismen i Danmark/Norge definerte ein god del av kva som var rett og gale, i samfunn og individers liv, langt ut over det vi i vår tid synest er rimeleg at lovgjeving skulle styre. Det var også spørsmål om eit korleis buda skal tolkast og brukast.

Pontopppidans katekisme lærte folk å spørre: Er det synd å? Og definerte det – for å gi hjelp til å leve rett – men også med den verknad at ein trudde at alt kunne besvarast slik. Og så vart svara utdaterte, eller rett og slett feil.

Ofte høyrer ein om Pontippdans svar på om det er synd å spele kort på sundag. Og svaret er at det er dobbel synd. Kortspel i seg sjøl sr synd, på ein sundag dobbelt synd. Og vi kan smile av det. Det var meint for å ivareta både det tredje budet om heilagdagen og det sjuande bodet at ein ikkje kan stele – folk kunne spele frå seg eller til seg store verdiar.

Atskillig meir dramatisk var korleis det 4.budet vart tolka og brukt. Å heidre far og mor vart av Luther utvida til å gjelde all øvrigheit. Det vart brukt for å begrunne lovere om at ein skulle lyde øvrigheita. Det vart dermed middel for å tvinge barn til å gjere det motsette av det budet seier, nemleg til å ikkje ære dei verdiar, den kultur, det språk som samiske foreldre barn hadde. Tvert om, ein vart tvungen og opplært til å vanære det. Det same gjaldt for kvenar og skogfinnar.

Det er ikkje rett å flykte frå heile spørsmålat om kva som er synd, kva som godt og vondt, fordi det er mogeleg å vere usamde, eller endå til gjere store feil. Men nettopp i møte med kvarandre, med ei djupare forståing av den realitet andre menneske lever i, kven dei er, og kva som tener fellesskap og kva som bryt dei ned. I alle tider må gå inn i desse viktige, men krevjande spørsmåla i ei gjensidig forplikting på å ta kvarandre på alvor.

Og adet må skje med både gode reglar som i dei ti buda, men alltid også med ein spegel – slik som Jesus sette opp for både Levi og dei som murra mot at han åt med tollarar og syndarar.

 

Vi skal tale om synd fordi det kan føre til frigjering og forandring

I kyrkja har ein ei oppgåve i å formidle det Jesus kom med – tilgjeving og frelse frå synd.

Det er meir enn ein mekanisme. Det er livets ord, Guds ord.

Det er difor også ein livssamanheng – overfor Gud, med Gud – som kan frigjere oss til å leve det livet som er betre for vår neste og for skaparverket.

Dette kjem til uttrykk blant anna i tankane om dei sju dødssynder. Det er ein tradisjon som ikkje berre går inn i den enkelte handling, for å forenkle det til eit ja/nei spørsmål på detaljar, men som går djupare inn i kva som bryt ned fellesskap og liv og set det saman med dei sju dyder – haldningar som skaper nye muligheiter.

Det går an å gjere det for enkelt for seg i oppgjeret med synda. Og det var stridens kjerne i det som vart reformasjonen. Dei 95 tesene Luther ville diskutere, var om dette. Og det var ikkje om kyrkja skulle formidle tilgjeving for syndene. Det var heller ikkje om den enkelte skulle gjere botsøvingar, altså noko for å skape forandring: «Når Vår Herre Jesus sa «Gjer bot!» ville han at heile den kristnes liv skulle vere bot.» Problemet var at det var skapt eit inntrykk og ei ordning for at ein kunne kjøpe seg ut av botsøvelsane, at ein rett og slett kunne betale seg ut av alvoret og kallet til endring. Misbruk av kyrkjas makt, freisting til å misbruke sine økonomiske midlar til å¨forstille seg.

Frigjering, tilgjeving, forsoning er ei gåve frå Gud. Kyrkjas mest kostbare skatt er evangeliet om Guds nåde.

Denne gåva er fri. I den forstand at vi ikkje fortener den eller kan gjere oss fortente til den.

Men det er ei gåve som vert ei oppgåve.

Å snakke om synd er ikkje for å halde andre nede, ute, eller å setje oss sjølve fast i mismot eller skam. Når vi gjer det, må det vere for å skape frigjering til forandring, til liv i fellesskap. Eit fellesskap vi tar livets vanskelege sider på alvor. Der vi tar på alvor at vi kan ta feil, også når vi trur vi gjer det som er rett.

Men der vi kvar dag reiser oss opp, som Levi, og går vidare i Jesu følge, inn i fellesskap, inn til måltid med han og andre, alltid i og av Guds nåde.

Ære vere Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, vår skapar, frigjerar og livgjevar, som var, er og vere skal, ein sann Gud frå æve og til æve. Amen

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"