Student på ny stad i haust?

I desse dagar er det mange som startar ei ny tilvere som student. Då er det viktig med eit godt nettverk og nokon å snakke med.

Mykje er nytt når ein startar studentlivet. Då er det viktig å ha nokon å snakke med. Foto: Marius Vervik

Er du student eller har du nett send ein student heimefrå? Både i Sogndal, på Stord og i Bergen kan ein få gode nettverk i studenttida.

Studentprestar

I alle dei tre største studiestadane våre, Bergen, Sogndal og Stord, er det eigne studentprestar som er der for alle studentar. Ein treng ikkje vere religiøs for å snakke med studentprestane. Dei snakkar gjerne med alle uansett tru og livssyn, og dei har teieplikt. Ein prest kan vere ein samtalepartner viss ein treng å snakka med nokon om einsemd, studier, relasjonar, Gud, sorg, viktige val eller noko anna ein har på hjartet *. Lenger nede på sida finn du kontaktinfo til studentprestane desse tre stadene.

Arrangement for å bli kjend med kyrkjelydar

Norges Kristelige Student- og Skoleungdomslag (også kjend som Laget) står bak samlingar som dei kallar "Velkommen til ..." i ulike norske byar, deriblant Bergen. Dette er meint å vere ein nøytral arena der studentar får høve til å kome i kontakt med ulike kyrkjer og kristne organisasjonar og bli kjend med andre kristne frå sin studiestad. Både nye og gamle studentar kan møtast her. I Bergen er arrangementet "Velkommen til Bergen" i Salem konferansesenter onsdag 23. august 2023 (OBS! Det har vore feil på nettsidene deira, der datoen frå i fjor har stått (onsdag 24. august)).

Ung kyrkje midt i byen

I Bergen har Den norske kyrkja ei eiga kyrkje for ungdom og unge vaksne, St. Jakob kirke. Her er det mange høve til å treffe studentar og andre i løpet av veka, blant anna på studentlunsj kvar fredag og gudsteneste søndagar kl. 19.00 i skuleåret. Les meir ved å følge lenka lenger nede på sida.

 

Lukke til med eit nytt semester!

 

*) deler av teksten er henta frå saman.no si side om studentpresten i Sogndal

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"