Etter ei tid med mykje utprøving og med gudstenester som varierar frå sundag til sundag er det i denne runden viktig at kyrkjelydane landar på kva som skal vera normalalternativet for dei ledd der ein har fleire alternativ i grunnordninga. På den måten blir gudstenesta stadeigen ved at kyrkjelyden kjenner seg igjen.
Ny godkjenning i Bjørgvin. Fordi kyrkjerådet kjem med ei nasjonal evaluering våren 2015 som går til alle sokneråda er det naturleg at ein også tar den lokale då. Difor vert fristen til å senda inn ny lokal grunnordning 1. april 2015. Då får ein tid til å ha oppe endringar som sak på kyrkjelyden sitt ordinære årsmøte og treng ikkje noko eige soknemøte.
Enklare prosedyre. For at det skal blir lettare å skriva ei lokal grunnordning vil det verta sendt ut eit elektronisk dokument (Questback) der ein fyller inn alternativa. I tillegg må ein laga ein fullt utskriven agenda for normalalternativet for hovudgudstenesta slik at ein vikar kan ha gudsteneste etter den agendaen. Døme, sjå lenkjer.
Liturgisk musikk. Mange har prøvd ut dei ulike variantane av liturgisk musikk og har gjort seg erfaringar om kva som fungerar og kva som ikkje fungerar betre enn den tradisjonelle frå 1977-liturgien. Ein er ikkje bunden av dei val ein har fått godkjent, men kan gjera om etter ei evaluering lokalt.
Det er òg viktig at ein tenkjer over det som er gjenkjenneleg og det som ein har felles med dei det er naturleg å ha fellesgudsteneste saman med.
Kyrkjerådet har laga eit rundskriv om den liturgiske musikken der dei rår til at ein er varsam med for mange ulike variantar; sjå eige vedlegg.