Dei som er medlemar i folkekyrkja og busette i kommunen har rett på ein del tenester utan at det vert kravd betaling.
Andre, som anten er busette utanfor kommunen eller som ikkje er medlemar i folkekyrkja, kan få ein del tenester, mot betaling.
Vigsel, gravferd og gravlegging er dei vanlegaste sakene der dei som ikkje er medlemar eller bur utanfor kommunen må betale.
Vidare er det eit eige betalingsreglement for leige av kyrkjene til konsertar eller andre kulturelle aktivitetar.
Kyrkjene er ikkje utleigeobjekt, og dei er bygde for eit heilt tydeleg føremål. På bakgrunn av dette, er det opp til soknerådet å avgjere om kyrkja kan leigast ut.
Spørsmål ang betaling gjøres ved å ta kontakt her