Babysong
Er eit tilbod for barn i første leveår, sammen med ein eller begge foreldre.
Tilbodet er gratis og krev ingen forkunnskap.
Ved spørsmål, ta kontakt med Ann Kristin T Winterthun
Telefon: 48100481
Mail: ann.kristin@kinn.kyrkja.no
Kva gjer vi på babysang?
Før sangstunda er det tid og rom for prat og mat, både for store og små. Her møter de andre foreldre og barn, og det er ein fin sosial arena. Det er kaffi, te og saft til dei som vil ha. Ta gjerne med niste.
Sjølve sangstunda startar kl 11.30.
Sangstunda varer i ca 30 minutt og i denne stunda er det barnet som er i fokus.
Vi syng gamle og nye songar, songar med og uten bevegelse, og vi har ei lita stund for lytting og ro.
På samlingane er det sjølvsagt frivillig om du syng med, etter kva du føler for. Det er fint om du tek med noko som barnet kan ligge på.
Etter sangstunda er det tid for meir prat og mat fram til ca kl 13.00.
Kvifor babysang?
Før vi lærer å snakke, uttrykker vi oss gjennom musikkens språk med lyd, rytme og bevegelse.
Ved å kommunisere på barnet sitt eige språk, utviklar vi samspelet mellom voksne og barn. Dette har stor betydning for barns utvikling.
Musikk fremmer god helse og læring. Sang, rim og regler har ei positiv virkning for utvikling av språk.
I mammas stemme ligg porten til eit sosialt liv.
Den nyfødtes møte med mor si stemme er av besettende virkning.
For barnet det inga stemme i verda som er viktigare – og vakrare – enn akkurat di. I denne stemma ligg heile kjærligheten.
Det er svært viktig at barnet får tilgang til den heilt spesielle følsomheten og kraften som ligg i mamma og pappas sang.
Syng derfor med ditt nyfødte barn, og du som meiner du ikkje kan. Det er viktig for alle.
Alder: 0-1 år.
Småbarnsang
Alder: 1-3 år.
Småbarnsang er eit av trusopplæringstiltaka i kyrkja. Her ønsker vi å skape ein arena der sangen og leiken står i fokus samtidig som det er ein arena til å delta i kyrka sine aktivitetar.
Gjennom småbarnssang ønsker vi at dei små skal få eit leikande forhold til kristen tru.
I vår ring av gull er det plass til alle. Her kjem du som du er, liten eller stor, rolig eller aktiv.
Opplegget er laga slik at alle skal finne noko som dei kan delta i, på sin måte.
