Lys vaken
er eit tilbod for alle 11–åringar.
Bli med på ei annleis helg med overnatting i kyrkja!
Her vil du bli betre kjent med kyrkjerommet, vi har rebus i kyrkja, song, formingsaktiviteter, pizza/pølse om kvelden og felles frukost søndag morgon.
Lys vaken er ein del av vårt lokale trusopplæringsarbeid.
Over halvparten av alle kyrkjelydane i Den norske kyrka har sørga for at Lys vaken har blitt ein god tradisjon i kyrkja og ei oppleving for livet for tusenvis av elleveåringar.
Lys vaken blir arrangert kvart år i Florø kyrkje, og i Eikefjord annakvart år. I
nvitasjon blir sendt ut pr. e–post/brev.
Har du spørsmål så ta kontakt med kyrkekontoret!
Tårnagenthelg
er ei helg der alle 8-åringar inviteres til ei helg som Tårnagentar i kyrkja.
I løpet av helgafår dei løyse koder, oppdrag og mysterium – og utforske kyrkja, tårnet og klokkene.
Kyrkjetårnet og andre mystiske stader
Kyrkjetårnet er ein uoppdaga skatt for mange born. Det har vi lyst å gjere noko med. Born over heile landet får vere med å klatre opp i kyrkjetårn og sjå på kyrkjeklokker, og å utforske krikar og krokar i kyrkjeromet.
Bibelen sine forteljingarI
Bibelen finn vi mange mysterium. Her kan agentane finne både tips og forteljingar som hjelper med å løyse oppdraga.
