Kinnaspelet

Sognen ved det store djup. Velkommen til teateret ved havet.

Foto: Lillian Rosø
Foto: Lillian Rosø

Kinnaspelet er ein del av den kyrkjelege aktiviteten i Kinn sokn, og vert kvart år arrangert på Kinn den tredje helga i juni.

Det er eit nydeleg samarbeid mellom Kinn sokneråd, Vestland teater og ei rekkje frivillige.

Dette historiske spelet er verkeleg verd å oppleve på nytt og på nytt. Sjå nettsida til Kinnaspelet på kinnaspelet.no. 

For meir info og billettar: https://kinnaspelet.no/


Blått hav og høg himmel, Kinnaklova og den gamle steinkyrkja frå 1100-talet, er det som møter deg på Kinn. 

Her på havstranda, så langt vest du kan kome i Noreg, ligg ei av dei eldste kyrkjene i landet - der ingen skulle tru at nokon kunne byggje ei kyrkje.

Ingen veit sikkert kven som bygde ho.

Men dei gamle legendene fortel om heilage menn frå øyrika i Irskesjøen som busette seg her, truleg på 900-talet ein gang.

Her får du oppleve Kinnaspelet «Songen ved det store djup», om då danskekongen sin fut kjem til Kinn i 1537 og gjer kjent at pavekyrkja si tid er forbi.

Kongen skal no eige alt kyrkjegods, og ein ny, luthersk prest skal setjast inn. Ingen lett bodskap å selje inn hos bygdefolket på Kinn.

Dei er i gang med feiringa av Seljumannamesse, og publikum får no bli med tilbake til 900-talet og bygdefolket sitt "lille kirkespill" om  prinsesse Sunniva frå Irland som rømmer frå vikingkongen Ramn som vil ha henne til dronning.

Med følgjet sitt legg ho ut på havet i båtar utan segl, ror og årar, og lar vind og havstraumar råde.

Ho driv i land på Selja og blir seinare St. Sunniva, helgen for Vestlandet.

Båtane kjem frå kvarandre og søstera Borni driv i land på Kinn.

Etter legenda skal det vere ho som fekk bygd Kinnakyrkja.

Dette er den ytre ramma for handlinga. 

Men Kinnaspelet handlar om noko meir. 

Dei sentrale temaene er menneske som opplever kriser og må ta vanskelege val. Når vi blir utfordra til å revurdere det vi meiner og trur på, kva verdiar er det verd å halde fast ved. 

Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei oppleving du ikkje finn maken til.

For meir info og billettar: https://kinnaspelet.no/

Kontaktinformasjon for Kinn kyrkjelege fellesråd

Kontakt

Telefon:
481 00 481
E-post: kyrkja@kinn.kommune.no
Postboks 504, 6903  FLORØ
Organisasjonsnummer: 976 995 678

Opningstider for kontor og telefon

Måndag, tysdag, torsdag og fredag:
10.00 - 11.30 og 12.00 - 14.00
Onsdag og laurdag: stengt
Ope etter avtale.

 

Besøksadresse

Florø: Markegata 28, 6905 Florø
Måløy: Rådhuset, tredje høgd, Gate 1 nr. 120, 6700 Måløy

Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt for Kinn kommune

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"