Kor og musikk

Hovedbilde for tema

Musikk i kyrkja

Gjennom song og musikk ønskjer vi å skape fellesskap, formidle glede og håp, og gi rom for både ettertanke og lovsong. 

Musikken kan uttrykkje noko av det som ikkje alltid er så lett å setje ord på, og er ein viktig del av både gudstenester og andre samlingar i kyrkja.
 
Vi har flere arrangement gjennom året som dere kan besøke i flere av kyrkjene.

Kyrkjekoret

Kyrkjekoret er eit kor for alle aldrar, og alle som har lyst til å synge er velkomne, uavhengig av tidlegare korerfaring. Koret starter opp 10.september, og øver torsdagar kl. 19.30–21.30 på Kyrkjetorget eller i kyrkja.
 

Vår visjon for musikken i kyrkja

Vi ønskjer at kyrkja skal vere ein stad det er lett å kome inn i, også for dei som ikkje går i kyrkja til vanleg. Musikken skal bidra til å skape eit ope, varmt og inkluderande miljø.
 
Det kyrkjemusikalske uttrykket skal ha stor breidde. På enkelte gudstenester, særleg familiegudstenester, ønskjer vi å bruke band og musikk med eit lettare og meir moderne uttrykk. Samtidig tek vi vare på den klassiske kyrkjemusikken og den rike orgeltradisjonen.
 
Med ulike musikalske uttrykk og ulike musikarar ønskjer vi å skape variasjon og gi rom for både det tradisjonelle og det nye.