KLIKK HER FOR Å LESE BLADET DIGITALT
Klikk her for å laste ned kyrkjebladet
Du vil kanskje ikkje merke noko stor forskjell i det redaksjonelle i dette bladet, men kanskje litt på papirkvaliten og layouten?
No er det Kinn kyrkjelege fellesråd som står bak det redaksjonelle og vi har inngått avtale med A til Å Grafisk Design og Media på oppsettet.
Vi takker for arbeidet som sokneråda har gjort med bladet og ser fram til mange nye år.
Om denne utgaven
«Nytt» kyrkjeblad, ny heimeside, nytt servicehus på Kinn, tett tak på kyrkja i Stavang, ny minnelund i Eikefjord, hjortegjerde her og der, service på orgelet på Raudeberg og bruktbutikk som selger for over millionen.
Det er noko av det vi har fått til i 2026.
KLIKK HER FOR Å LESE BLADET DIGITALT
Vi kunne ramsa opp endå meir, men dette viser noko av den store aktiviteten kyrkja er involvert i og det store dugnadsarbeidet dei lokale sokneråda jobber med.
Mykje av arbeidet vårt er basert på frivillighet og dugnad. Vi er avhengig av at folk stiller opp og tar eit tak.
Vil du bli frivillig?
Om du vil jobbe som kyrkjevert på Kinn eller kan ta ei vakt i bruktbutikken er du velkommen.
Vi treng at du bryr deg og at du vil vere med å jobbe for fellesskapet.
Neste kyrkjeblad
Neste nummer kjem rett før påske i mars 2027.
Om du har forslag til innhold i bladet eller noko du vil vi skal skrive om, så set vi pris på at du tar kontakt.
Takk - vi snakkast.
