Montering av gravminne

Her får du informasjon om montering av gravminne. Gravminna er i privat eige, og det er festaren sitt ansvar at gravminnet er forsvarleg montert. Dei fleste vil ha stor nytte av å leige inn folk med rett kompetanse og utstyr for å montere eller opprette eit gravminne. Gravferdsbyrå og steinhoggarar kan ofte hjelpe med dette. Montering av gravminne krev søknad.

Rettleiing for montering av gravminne

Gjeld for kyrkjegardane i sokna Bru, Eikefjord, Kinn, Nordal, Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy. 

Den ansvarlege eller festaren av ei grav har rett, men ikkje plikt til å setje opp gravminne ved grava. 

Den ansvarlege eller festaren er eigar av gravminnet, og har ansvaret for dette. Han har òg ansvaret for at gravminnet er skikkeleg montert.

Ingen gravminne skal monterast, gjerast om på, flyttast eller slettast utan løyve frå gravplasstyresmakta.  

  • Etter gravlegging i kiste, skal det gå minst seks månadar etter gravferda før gravminne kan verte montert. Jordhaugen vert fyrst fjerna og jamna ut etter at gravminnet er montert.  

  • Gravminnet skal monterast etter at gravplasstyresmakta har merka av grava, anten med trekross, trepinne eller anna høveleg merking.  

  • Grav ei høveleg djup grop, minst ti centimeter under underkant av sokkel. Fyll i med grus eller annan høveleg drenerande masse. Denne massen skal komprimerast skikkeleg. Sokkelen skal setjast heilt i vater, med senter av sokkel ved merket som er sett ut av gravplasstyresmakta.  

  • Der det er fastemerke som let seg finne for rekkja, skal det setjast opp snor mellom rekkjemerka, og steinen skal stå beint sett opp mot snora. Rettleiande bør det vere om lag fem centimeter frå snora til baksida av gravminnet.  

  • Når sokkelen og det påståande gravminnet står i skikkeleg, skal det fyllast grus kring heile sokkelen. Det er viktig at denne grusen vert skikkeleg komprimert, soleis at gravminnet står støtt over lang tid.  

  • Jordmassar som vert til overs, kan tømmast i jorddungar på kyrkjegarden.  

  • Gravplasstyresmakta kan rettleie i montering av gravminne, men det må gjerast i arbeidstida og bør avtalast på førehand.  

  • Dei fleste eigarar av gravminne bør vurderte å kjøpe denne tenesta av ein aktør som kjenner til korleis dette skal gjerast, og som har det utstyret som må til for å kunne montere eit gravminne på ein forsvarleg og skikkeleg måte.  
  • Ved feil knytt til monteringa, manglande søknad om godkjenning og liknande, kontaktar gravplasstyresmakta eigaren av gravminnet, uavhengig av montør.  

  • Montøren skal halde utstyr og massar sjølv, rydde opp etter seg og syte for at han ikkje gjer skade på noko. Køyring på kyrkjegardane krev løyve.  

  • Gravplasstyresmakta skal ha melding etter at eit gravminne er montert.  

  • Doble graver med sams gravminne skal vere sentrerte, med unnatak av kyrkjegardane i Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy sokn og Florø gravplass bok 5 felt 5C, 5D og 5E, der dei vert ståande på den fyrste gravlagde. 

Kontaktinformasjon for Kinn kyrkjelege fellesråd

Kontakt

Telefon:
481 00 481
E-post: kyrkja@kinn.kommune.no
Postboks 504, 6903  FLORØ
Organisasjonsnummer: 976 995 678

Opningstider for kontor og telefon

Måndag, tysdag, torsdag og fredag:
10.00 - 11.30 og 12.00 - 14.00
Onsdag og laurdag: stengt
Ope etter avtale.

 

Besøksadresse

Florø: Markegata 28, 6905 Florø
Måløy: Rådhuset, tredje høgd, Gate 1 nr. 120, 6700 Måløy

Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt for Kinn kommune

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"