Den fyrste namna minnelunden i Kinn kommune ligg på Eikefjord kyrkjegard i Eikefjord sokn. Han kan takast i bruk frå 1. januar 2027. I denne namna minnelunden er det mogleg med gravlegging i både urne og kiste. Det vil vere namneskilt i bronse.
Det er gravplasstyresmakta som held ved like den namna minnelunden. Vi fører regelbunde tilsyn og fjernar blomar og ljos regelbunde.
Dei som vitjar minnelunden har høve til å setje ned friske blomar og ljos, på tilvise stadar. Andre gjenstandar vert fjerna.
Avgifta for bruk av namna minnelund vert kravd inn for heile fredingstida (20 år for urner og 30 år for kister) når grava vert teken i bruk.
Det er mogleg å feste grava vidare etter at fredingstida er ute, slik det er for vanlege graver.