Vi ser ein stadig auke av kremasjon i samfunnet generelt, og dette gjer at talet på nedsetjing av oskeurner på gravplassane aukar. For mange kan dette vere heilt nytt og ukjend.
Etter kremasjon kan ein søkje Statsforvaltaren om løyve til å spreie oska, men dei fleste urner vert sette ned i ei grav på ein offentleg gravplass. Nokre får ein ny grav, medan andre set urna ned i ei eksisterande grav.
Når urna kjem til gravplasstyresmakta, får den ansvarlege for bisetjinga eit brev med informasjon om at urna er komen fram, og at den ansvarlege må kontakte gravplasstyresmakta for å avtale tidspunkt for nedsetjing av oskeurna. Dei fleste ynskjer å vere med under urnenedsetjinga, men dette er frivillig. Nokre ynskjer å vere få, andre vil vere mange.
Nedsetjing av oskeurne i ei grav er ikkje ein seremoni, og det er difor heilt opp til dei pårørande sjølv dersom dei vil ha noko markering, anten det er song, musikk, dikt, bøn eller liknande.
Dei pårørande kan avgjere om dei vil setje urna ned i grava sjølv, eller om gravplasstyresmakta skal gjere dette. Gravplasstyresmakta kan slå 3 x 3 slag med klokka, dersom dei pårørande bed om dette.
Når urna er sett ned, vert grava lagd att av gravplasstyresmakta, med mindre dei pårørande ynskjer å gjere dette sjølv.