Kinn kyrkje vart truleg bygd tidleg på 1100-talet, og har vore i kontinuerleg bruk sidan mellomalderen.
Ho ligg på øya Kinn, vel ein kilometer frå rutebåtkaia i Kinnesundet.
Stengd for bruk om vinteren, men tener som vanleg soknekyrkje gjennom våren, sumaren og delar av hausten.
Kinnakyrkja er eit freda kulturminne med eineståande inventar og
kunst som ligg på ein mellomalderkyrkjegard.
Trykk her for å sjå kalender og kva som skjer i kyrkja.
Tilkomst
Universell tilkomst inn i kyrkjerommet.
Adresse
Adressa er St. Sunniva-vegen 34.
Parkering
Ingen parkering.
