Gravplassen i Øvre Standal har sidan tidleg på 1900-talet vore gravplass for gardane Øvre Standal, Nedre Standal, Svortevik og Tyvold.
Adressa er Standalsvegen 343, matrikkeladresse gnr. 104 bnr. 23. Det er ein grusveg med små gatelykter før brua som fører til gravplassen.
Her er takvatn oppsamla, men dette må ikkje drikkast.
Det er sett opp hjortegjerde ved gravplassen. Dersom nokon ser hjort inne på gravplassen, må desse jagast ut og gravplasstyresmakta må få melding.