Svanøy mellomalderkyrkjegard er ein kyrkjegard i aktiv drift, og som har vore i kontinuerleg drift sidan mellomalderen. Inne på kyrkjegarden har det tidlegare stått ei mellomalderkyrkje, og det står framleis ein steinkross med runeskrift.
Svanøy var lenge senter for Bru sokn, som tidlegare hadde namnet Svanøy sokn. På bakgrunn av dette, er det mange som er gravlagde på Svanøy som budde i bygder på fastlandet, men som sokna til Bru.
Kyrkjegarden er godt synleg frå vegen, og ligg ved Svanøy hovudgard. Adressa er Biskop Svanes veg 93, og ligg under garden Svanøy (gnr. 117).
På mellomalderkyrkjegardar er det som klart utgangspunkt berre mogleg å nytte graver som har vorte nytta til kistegravlegging etter 1945. På bakgrunn av dette, er det noko avgrensa kapasitet ved denne kyrkjegarden.